Kva må eg gjere for å unngå at det blir trekt 15 prosent skatt av pensjonen/uføreytinga mi?

Har du krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med landet der du er busett, kan du ta kontakt med Skatt nord og søkje om eit frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Det same gjeld dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og du blir skattlagd i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di.

Du må dokumentere at du oppfyller vilkåra for skattefritak eller lågare trekk enn 15 prosent. Les meir i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.