Skal eg betale 15 prosent skatt i Noreg i tillegg til den skatten eg betalar i bustadslandet?

Nei. Noreg har skatteavtalar med mange land. Skatteavtalene inneheld m.a. reglar om at du ikkje skal betale skatt av same inntekta både i Noreg og i bustadslandet. Kva land du skal betale skatt i varierer. Det går fram av kvar einskild skatteavtale.

Når pensjonen/uføreytinga skal skattleggjast i Noreg, er det bustadslandet som skal sørgje for at det ikkje finn stad dobbeltskattlegging. Dette kan gjerast anten ved at den norske pensjonen/uføreytinga ikkje blir skattlagd i heimlandet eller ved at det blir gjeve eit frådrag for den norske skatten ved skattlegging i heimlandet. Ta kontakt med skattestyresmaktene der du bur for meir informasjon.