Eg ønskjer å utnytte det maksimale skattefrådraget mitt. Kor stort beløp må vi då flytte frå skattemeldinga til ektefellen min til skattemeldinga mi?

Her er først ei forklaring på korleis de gjer dette, og deretter nokre døme som illustrerer dette.

Det førebelse skatteoppgjeret som er lagd ved skattemeldinga, er rekna ut på grunnlag av dei førehandsutfylte skattemeldingane. Den gunstigaste likningsmåten blir vald – anten særskild likning i klasse 1 eller felleslikning i klasse 2.

Vi føreslår at du tek utgangspunkt i forskjellen mellom det maksimale skattefrådraget ditt og det skattefrådraget som er brukt i den førebelse skatteutrekninga. Skatteprosenten på kapitalinntekt er 25. Deler du differansen på 25 og gangar med 100, får du den kapitalinntekta som gir skatt tilsvarande differansen. Når de flyttar eit beløp frå skattemeldinga til den eine ektefellen over til skattemeldinga til den andre ektefellen, blir derimot fordelinga av skatten endra. Det inneber at de må overføre eit noko større beløp for å få utnytta skattefrådraget fullt ut. Vi tilrår at de bruker programmet for skatteutrekning. Der kan de prøve dykk fram til de finn ei fordeling av kapitalinntektene som om mogleg gir full utnytting av det maksimale skattefrådraget.

Dersom de ikkje har tilstrekkeleg kapitalinntekt til at den ektefellen som har lågast inntekt, får utnytta det maksimale skattefrådraget sitt fullt ut, treng de ikkje gjere nokon utrekningar. Då er det berre å flytte dei beløpa som kan flyttast.

Dersom de ikkje ønskjer at den av dykk som har lågast pensjon, skal betale noko skatt, må de sørgje for å finne ut kva beløp som må overførast for at sum skatt og trygdeavgift hos den av dykk som har lågast pensjon, ikkje skal overstige grensa for restskatt som ikkje blir kravd inn. Denne grensa er på 99 kroner (medrekna renter).

Sjå døme på korleis ekteparet Kari og Per fordeler renteinntekter i skattemeldingane sine, og korleis dette gjer at dei får lågare samla skatt. Sjå vedlegg nedst på sida.

Døme som viser at ektefellar ved å flytte kapitalinntekter kan utnytte ein større del av skattefrådraget, men ikkje heile.

Kari og Per har teke ut alderspensjon frå folketrygda med pensjonsgrad 100 heile året og har kapitalinntekt.

Ved utrekninga av skatten blir den skattleggingsmåten (klasse 1E eller klasse 2F) som er gunstigast for ektefellane samla sett, vald, basert på kva fordeling av kapitalinntekter og -utgifter ektefellane har valt.

Særskild likning i klasse 1:

Tema Kari Per
Pensjon (post 2.2.1) kr 123 000 kr 179 000
Renteinntekt (post 3.1.1) kr      5 000 kr   15 000
Sum kr 128 000 kr 194 000
Utrekna skatt kr    16 418 kr   31 798
- Skattefrådrag kr    16 418 kr   29 880
= Skatt kr      0 kr     1 918

Utrekning av kva Kari manglar i kapitalinntekt for å kunne utnytte det maksimale skattefrådraget:

Maksimalt skattefrådrag 29 880 kroner
Utnytta skattefrådrag 16 418 kroner

Differansen

13 462 kroner


13 462 kroner i skatt av alminneleg inntekt tilsvarer kapitalinntekt på 13 462 : 25 x 100 = 53 848. I dette dømet har dei berre 15 000 kroner i kapitalinntekt å flytte frå skattemeldinga til Per over til skattemeldinga til Kari, så då er det enkelt. Dei flyttar heile beløpet.

Dersom ektefellane flyttar alle renteinntektene over til Kari si skattemelding, blir skatten slik:

Tema Kari Per
Pensjon (post 2.2.1) kr 123 000 kr 179 000
Renteinntekt (post 3.1.1) kr   20 000 kr            0
Sum kr 143 000 kr 179 000
Utrekna skatt kr    20 168 kr   28 048
- Skattefrådrag kr    20 168 kr   28 048
= Skatt kr      0 kr     0

Ektefellane har ikkje så høge kapitalinntekter at Kari får utnytta det maksimale skattefrådraget sitt. Ho får framleis 0 i skatt etter skattefrådraget. Per får redusert skatten sin med 1 918 kroner og får såleis også 0 i skatt. Dess lågare den lågaste pensjonen er, dess større del av kapitalinntektene lønner det seg å flytte over på den ektefellen som har lågast inntekt.

Døme som viser at ektefellar ved å flytte kapitalinntekter og kapitalutgifter kan utnytte skattefrådraget.

Kari har teke ut alderspensjon frå folketrygda med pensjonsgrad 100 heile året og har kapitalutgifter, og Per har teke ut alderspensjon frå folketrygda med pensjonsgrad 100 heile året og har kapitalinntekter.

Særskilt likning i klasse 1

Tema Kari Per
Pensjon (post 2.2.1) kr 153 000 kr 210 000
Renteinntekt (post 3.1.1) kr            0 kr   10 000
Renteutgift (post 3.3.1) kr      5 000 kr             0
Sum kr 148 000 kr 220 000
 Utrekna skatt kr    20 773 kr   37 769
- Skattefrådrag kr    20 773 kr   26 024

= Skatt

kr      0

kr   11 745


Utrekning av kva Kari manglar i kapitalinntekt for å kunne utnytte det maksimale skattefrådraget:

Maksimalt skattefrådrag 29 880 kroner
Utnytta skattefrådrag 20 773 kroner

Differansen

9 107 kroner

9 107 kroner i skatt av alminneleg inntekt tilsvarer ei kapitalinntekt på 9 107 kroner: 25 x 100 = 36 428 kroner.

Dersom dei flyttar renteinntekta på 10 000 kroner frå Per over på Kari og reknar ut skatten på enkel skatteutrekning, blir resultatet at ho får utnytta 23 273 kroner av det maksimale skattefrådraget sitt på 29 880 kroner.

Dersom ektefellane flyttar renteutgiftene på 5000 kroner til Per si skattemelding og renteinntektene på 10 000 kroner til Kari si skattemelding, blir skatten slik:

Tema Kari Per
Pensjon (post 2.2.1) kr 153 000 kr 210 000
Renteinntekt (post 3.1.1) kr   10 000 kr            0
Renteutgift (post 3.3.1) kr     0 kr     5 000
Sum kr 163 000 kr 205 000
Utrekna skatt kr    24 523 kr   34 019
Skattefrådrag kr    24 523 kr   26 024
= Skatt kr  0 kr   7 995

Kari får utnytta 24 523 kroner av det maksimale skattefrådraget sitt, mens Per får redusert skatten sin med 3 750 kroner. Har de slike kapitalinntekter eller -utgifter som ikkje er førehandsutfylte i skattemeldinga, kan de fritt velje i kven si skattemelding de vil føre desse.

Sjå døme på korleis ekteparet Kari og Per fordeler renteinntekter i skattemeldingane sine, og korleis dette gjer at dei får lågare samla skatt.