Innleiing

Alle som i heile 2016 har teke imot

  • 100 prosent alderspensjon etter folketrygdlova eller 100 prosent avtalefesta pensjon i offentleg sektor og
  • har ei samla pensjonsinntekt som ikkje overstig 184 800 kroner, 

kan få skattefrådrag på inntil 29 880 kroner. Frådraget blir avgrensa til sum inntektsskatt og trygdeavgift.

Minstepensjon til ektefelle var i 2016 lågare enn 184 880 kroner. Dersom pensjonen din i 2016 var lågare enn 184 880 kroner og du ikkje hadde andre inntekter, blir sum inntektsskatt og trygdeavgift for deg lågare enn 29 880 kroner. Du får då ikkje utnytta det maksimale skattefrådraget ditt.

Ektefellar kan fritt velje kven av dei som skal ta med kapitalinntekter, kapitalutgifter og visse andre frådrag i skattemeldinga. Skatteetaten har førehandsutfylt desse inntektene og frådraga i skattemeldinga hos den ektefellen dei er rapporterte inn på. Det har ikkje vore mogleg å føreslå ei anna fordeling i den førehandsutfylte skattemeldinga. Dersom de ønskjer å ta i bruk moglegheita til å flytte på slike frådrag, må de korrigere førehandsutfyllinga av desse postane i skattemeldingane dykkar og levere dei inn.

Liste over kva inntekts- og frådragspostar som kan overførast mellom dykk.

Flytting av kapitalinntekter eller kapitalutgifter er aktuelt for dykk dersom ein av dykk er alderspensjonist og:

  • har så låg pensjon («minstepensjon») at denne personen ikkje får utnytta det maksimale skattefrådraget for pensjonsinntekt, og den andre har eiga inntekt, og 
  • de har kapitalinntekter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den av dykk med høgast inntekt, eller kapitalutgifter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med låg pensjon.

NB! Dette inneber at de ikkje kan ta i bruk ordninga med leveringsfritak, men at de må levere kvar dykkar skattemelding.

Hjelp til å finne maksimalt skattefrådrag.Er det maksimale skattefrådraget høgare enn skattefrådraget som står i den førebelse skatteutrekninga? Her finn du meir informasjon dersom du ikkje har fått utnytta det maksimale skattefrådraget ditt.