Har du fått endra frå tabellkort til prosentkort?

  • Skriv ut

Skatteetaten har 02.02.2015 endra skattekortet for deg som har fleire utbetalarar av uføretrygd, pensjon og/eller lønn, og som fekk tabellkort i desember. Du har no fått eit prosentkort.

Vi har ikkje endra grunnlaga for utrekninga av skattekortet. Har du fått ny skattetrekksmelding, er det viktig å sjekke. Er grunnlaga rette, treng du ikkje gjere noko. NAV, andre pensjonsutbetalarar og arbeidsgivarar får beskjed om nytt skattekort.

Meiner du grunnlaget er feil, kan du sjølv enkelt gå inn og søkje om nytt skattekort.

Vi har endra til prosentkort for å redusere sannsynet for at du får restskatt ved likninga for inntektsåret 2015.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.