Alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP)

Du kan halde fram med å jobbe samtidig som du får alderspensjon frå folketrygda utan at denne pensjonen blir redusert. Er du fødd i 1943 eller seinare, kan du tene opp pensjonsrettar av arbeidsinntekt til og med det året du fyller 75 år.

Du betaler mindre skatt av pensjonsinntekt (under dette AFP) enn av lønnsinntekt. . Trygdeavgifta på pensjonsinntekt er 5,1 prosent, medan den er 8,2 prosent på lønsinntekt. Løn og kapitalinntekt (til dømes renteinntekt eller inntekt frå fast eigedom) blir skattlagt på vanleg måte som for lønstakarar. Minstefrådraget for pensjonsinntekt blir samordna med minstefrådraget for lønsinntekter for dei som kombinerer løn og pensjon.

Om skattefrådrag for pensjonsinntekt, sjå kapittelet "Skattefrådrag for mottakarar av alderspensjon frå folketrygda eller AFP".

Dersom du har spørsmål om utrekning av pensjon, pensjonsoppgåva og fleksibelt uttak av alderspensjon, må du ta kontakt med NAV.