Nyttig informasjon om skattefrådrag for ektefellar og meldepliktige sambuarar

Skattefrådrag for pensjonsinntekt blir utrekna individuelt på grunnlag av bruttopensjonsinntekta di. Frådraget blir gitt i den inntektsskatten og trygdeavgifta som blir utrekna hos den enkelte.

Dersom du har lågare årleg pensjon enn 184 800 kroner og ikkje har andre inntekter, blir summen av inntektsskatten og trygdeavgifta lågare enn det maksimale skattefrådraget. Ubrukt maksimalt skattefrådrag kan ikkje overførast og trekkjast frå hjå ektefellen. Dersom de har kapitalinntekter (renter o.l.), vil det i skattemeldinga løne seg å føre ein del av kapitalinntektene hjå den som har lågast pensjon.

Som ektefellar/meldepliktige sambuarar kan de i utgangspunktet fritt fordele kapitalinntekter og kapitalutgifter mellom dykk i skattemeldinga.
Dei vanlegaste kapitalinntektene og -utgiftene som de kan fordele mellom dykk, er:

  • renteinntekter/-utgifter
  • aksjeutbytte
  • salsgevinst/-tap

Sjå den fullstendige oversikta over kva for postar dette gjeld.

Med meldepliktig sambuar i skatterettsleg forstand meiner ein:

  • tidlegare ektefellar / registrerte partnarar som har blitt sambuarar, og der minst éin av dei har rett til pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)
  • sambuarar som har eller har hatt felles barn, og der minst éin av sambuarane har rett til pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)

Dersom begge sambuarane blei innvilga pensjon frå folketrygda som einslege før 1. januar 1994, og sambuarskapet blei etablert før denne datoen, blir dei likevel ikkje rekna som meldepliktige sambuarar.

Ved førehandsutfylling av skattemeldinga er det ikkje praktisk mogleg for Skatteetaten å gjere den gunstigaste fordelinga av slike inntekter og frådrag. Det inneber at dersom ei anna fordeling enn den førehandsutfylte fordelinga er gunstigare for dykk, må de sjølv korrigere og levere skattemeldingane. Du kan gjere ei førebels utrekning av kva skatten blir etter skattefrådrag, på skatteetaten.no.

Ved å flytte kapitalinntekter frå den som har høgare pensjon og/eller løn til den med låg pensjon, slik at den med låg pensjon får utnytta skattefrådraget, kan de samla sett få lågare skatt.

Døme på overføring av renteinntekt mellom ektefellar:

Postar

Tove:

Per:

Alderspensjon (post 2.2.1)

kr 120 000

kr 200 000

Renteinntekter (post 3.1.1)

kr 15 000

kr 23 000

Sum

kr 135 000

kr 223 000

 

Utrekna skatt (skatteklasse 1) kr 18 232 kr 38 690
- skattefradrag kr 18 232 kr 27 554
= Skatt kr 0 kr  11 136

Dersom dei flyttar Pers renteinntekt til Tove, blir skatten:

Postar

Tove

Per

Alderspensjon (post 2.2.1)

kr 120 000

kr 200 000

Renteinntekter (post 3.1.1)

kr 38 000

kr 0

Sum

kr 158 000

kr 200 000

  

Utrekna skatt (skatteklasse 1)

kr 23 983

kr 32 940

- maksimalt skattefradrag

kr 23 983

kr 27 554

= Skatt

kr 0

kr 5 386

Tove får framleis 0 i skatt etter skattefrådraget. Per får redusert skatten sin med 5 750 kroner. I praksis blir endringane gjort ved at post 3.1.1 blir redusert med 23 000 kroner i Per si skattemelding . I Tove si skattemelding blir post 3.1.1 auka med eit tilsvarande beløp.

Overføring av kapitalutgifter mellom ektefellar

Ved å flytte kapitalutgifter mellom dykk kan den med lågast pensjon få utnytta skattefrådraget sitt på ein betre måte, og de kan få samla lågare skatt. Det kan til dømes løne seg å overføre rentefrådrag til den andre ektefellen si sjølvmelding.

Døme på overføring av rentefrådrag mellom ektefellar:

Anne og Jon Olsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter

Postar

Anne

Jon

Alderspensjon (post 2.2.1)

kr 120 000

kr 240 000

Rentefradrag (post 3.3.1)

kr 10 000

kr 12 000

Sum

kr 110 000

kr 228 000

 

Utrekna skatt (skatteklasse 1)

kr 11 893

kr 39 446

- skattefradrag

kr 11 893

kr 21 434

= Skatt

kr 0

kr 18 012

 

Postar

Anne

Jon

Alderspensjon (post 2.2.1)

kr 120 000

kr 240 000

- rentefradrag (post 3.3.1)

kr 0

kr 22 000

= Bruttoinntekt

kr 120 000

kr 218 000

 

Utrekna skatt (skatteklasse 1)

kr 14 843

kr 36 946

- skattefradrag

kr 14 843

kr 21 434

= Skatt

kr 0

kr 15 512

Anne og Jon sparar samla 2 500 kroner.

I praksis blir endringa gjort ved at post 3.3.1 i Anne si skattemelding blir redusert med 10 000 kroner. I Jon si skattemelding blir post 3.3.1 auka med eit tilsvarande beløp.

Døme på overføring av kapitalutgifter når berre ein av ektefellane får alderspensjon:

Ole Jonsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter og Petra har følgjande lønsinntekt:

Postar Petra Ole
Lønn (post 2.1.1) kr 240 000  
Alderspensjon (post 2.2.1)   kr 150 000
Rentefrådrag (post 3.3.1) kr    2 000 kr   20 000
Sum kr 238 000 kr 130 000

 

Utrekna skatt (skatteklasse 1) kr 43 924 kr 16 338
- skattefrådrag kr 0 kr 16 338
= skatt kr 43 924 kr 0

Dersom dei flyttar rentefrådraget på 20 000 kroner frå Ole til Petra får dei:

Postar Petra Ole
Lønn (post 2.1.1) kr 240 000  
Alderspensjon (post 2.2.1)   kr 150 000
Rentefrådrag (post 3.3.1) kr  22 000 kr 0
Sum kr 218 000 kr 150 000

 

Utrekna skatt (skatteklasse 1) kr 38 924  kr 21 338
- skattefrådrag kr 0 kr 21 338
= skatt kr 38 924 kr 0

Petra og Ole sparar 5 000 kroner.

I praksis blir endringa gjort ved at post 3.3.1 blir redusert med 20 000 kroner i Ole si skattemelding. I Petra si skattemelding blir post 3.3.1 auka med eit tilsvarande beløp.