Skattereglar for pensjonistar for inntektsåret 2016

  • Alderspensjon, AFP og andre pensjonsytingar er skattepliktig inntekt.
  • Skatt på alminneleg inntekt er 25 prosent.
  • Trygdeavgifta for pensjonsinntekt er 5,1 prosent.
  • Satsen på minstefrådraget for pensjonsinntekt er 29 prosent. Den nedre grensa er 4 000 kroner og den øvre grensa er 73 600 kroner.

  • Uføreytingar skattlegges som lønnsinntekt.Trygdeavgift for lønnsinntekt og uføreytingar er 8,2 prosent. Sats på minstefrådraget for lønnsinntekt og uføreytingar er 43 prosent, den nedre grensa er 31 800 kr og den øvre grensa er 91 450 kroner.

  • Mottakarar av alderspensjon frå folketrygda, mottakarar av avtalefesta pensjon (AFP)i offentleg sektor, og mottakarar av supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg, kan få skattefrådrag for pensjonsinntekt i inntektsskatt og trygdeavgift.

  • Ordninga med skattebegrensing for uføre er oppheva frå inntektsåret 2015. Det gjeld ei treårig overgangsordning om skattefrådrag for uføre for ei nærmare anigtt gruppe skattytare med negativ kapitalinntekt som følge av bortfall skattbegrensningsregelen fikk ein nedgang i inntekt etter skatt.

  • Reglane om særfrådrag for uførheit er oppheva frå inntektsåret 2015. For ei begrensa ruppe gjeld ei treårig overgangsordning.

  • Ektefelletillegg etter folketrygdlova til mottakarar av alderspensjon og/eller AFP, er skattefritt for pensjonist som blei mottakar av ektefelletillegget før 1. januar 2011

  • Kompensasjonstillegg som blir utbetalt til mottakar av ny AFP i privat sektor er skattefritt.

Er du skattemessig busett i utlandet og betalar kjeldeskatt på din norske pensjon, sjå Norsk kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.