Pensjonistar som er skattemessig busette i utlandet

Pensjonistar som bur i eit EU/EØS-land og som betalar kjeldeskatt på pensjon frå Noreg, kan velje å få skatten rekna ut etter dei same reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Det er eit vilkår at dei blir skattlagde i Noreg for minst 90 prosent av inntekta si.

Skattefrådrag

Dersom du er mottakar av alderspensjon frå folketrygda eller AFP og vel å bli skattlagt i Noreg etter dei alminnelege skattereglane, kan du krevje skattefrådrag når:

  • du er busett i eit EU/EØS-land
  • minst 90 prosent av bruttoinntekta di av pensjon, lønn eller verksemd i inntektsåret er skattepliktig i Noreg. Dersom du er gift, skal ein òg ta ektefellen si inntekt med i vurdering av kor stor del av inntekta som er skattepliktig i Noreg.
  • minst 90 prosent av den alminnelege inntekta di i inntektsåret er skattepliktig i Noreg
  • Noreg kan innhente opplysningar om inntekts- og formuesforholda dine frå bustadslandet ditt etter ein skatteavtale eller ein tilsvarande avtale.