Pensjon og uføreytingar frå utlandet

  • Skriv ut

Denne informasjonen er til deg som er busett i Noreg, og som får pensjon og/eller uføreytingar frå utlandet.

Pensjonar frå utlandet skal for inntektsåret 2016 fylles inn i skattemeldinga post 2.2.2, post 2.2.3 eller post 2.2.5

Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå utlandet til personar busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg. Dette inneber at du er skattepliktig i Noreg for pensjon og/eller uføreyting du tek imot frå utlandet.

Uføreytingar skattleggjast som lønnsinntekt i Noreg. Andre pensjonar frå utlandet skal skattleggjast som pensjon i Noreg.

Det gjeld enkelte unnatak frå skatteplikta

Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter ein skatteavtale som Noreg har med det landet som utbetaler pensjonen og/eller uføreytinga. Sjå nedanfor om skatteavtalar.

Skatteavtalar

Noreg har inngått skatteavtalar med ei rekkje land. Det er skatteavtalen med det landet som betaler ut pensjonen og/eller uføreytinga, som regulerer om ytinga skal skattleggjast i Noreg eller ikkje.

Nokre skatteavtalar seier at pensjonen og/eller uføreytinga som blir betalt ut frå utlandet, skal skattleggjast både i utbetalingslandet og i Noreg. Er pensjonen og/eller uføreytinga skattepliktig både i Noreg og i utbetalingslandet, er det Noreg som skal sørgje for at du ikkje blir dobbeltskattlagd.

Etter andre skatteavtalar kan pensjon og/eller uføreytingar frå utlandet vere heilt eller delvis unnatekne frå skattlegging i Noreg eller i utbetalingslandet. Dersom du meiner pensjonen og/eller uføreytinga du har fått frå utlandet er heilt eller delvis unnateken frå skattlegging i Noreg, skal ytinga likevel givast opp i skattemeldinga.

Skattemeldinga 2016

Pensjon og/eller uføreytingar frå utlandet, med unntak av enkelte pensjonsinntektar og/eller uføreytinger frå Danmark og Sverige, blir ikkje rapportert inn til norske skattestyresmakter. Pensjonsytelser og/eller uføreytinger frå andre land enn Danmark og sverige er derfor ikkje førehandsutfylt i den norske skattemeldinga di. Du må sjølv føre opp den utanlandske pensjonen og/eller uføreytinga og levere skattemeldinga innan fristen. Du kan ikkje ta i bruk leveringsfritaket. Det er viktig at du opplyser om kva type pensjon og/eller uføreyting du tek imot, og kva land pensjonen/uføreytinga blir utbetalt frå. Sjå nærmare om dette under dei aktuelle postane i rettleiinga til skattemeldinga. Uføreytelser frå utlandet skal fylles inn i skattemeldinga post 2.1.9.

Skattekort 2017

Har du pensjon og/eller uføreytingar frå utlandet, er det viktig at du får riktig beregnet trekkprosent/forskuddsskatt for å unngå eventuell restskatt. Du kan endre skattekortet her.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.