Særfrådrag for lettare nedsett arbeidsevne

  • Skriv ut

Dersom du har lettare nedsett arbeidsevne som ikkje gir rett til særfrådrag for uførleik, kan du ha krav på særfrådrag på grunn av lettare nedsett arbeidsevne. Dette gjeld berre for skattytare som har nedsett arbeidsevne av så lett karakter at det ikkje gir rett til uførepensjon eller andre offentlege stønader.

Særfrådraget førast i post 3.5.3 i skattemeldinga. Særfrådraget skal ikkje overstige 9180 kroner per år.

Særfrådrag for lettare nedsett arbeidsevne blir gitt etter ei samla økonomisk vurdering. Dersom du er gift vil ektefellen sine inntekts- og formuesforhold òg blir tekne med. Tilsvarende gjeld for registrerte partnere og meldepliktige sambuare. Du må kunne vise fram legeattest dersom vi ber om det. Du har ikkje krav på særfrådrag på grunn av inntektsnedgang dersom di og ektefellen din si samla økonomiske stilling er tilstrekkeleg til å dekkje eit alminneleg underhald.

Det kan til dømes bli gitt særfrådrag etter denne føresegna til skattytarar som berre klarer å vere i inntektsgivande arbeid ein del av dagen. Det er ikkje noko vilkår om at den nedsette arbeidsevna må ha påført vedkomande uvanleg store kostnader.

Forholdet til andre særfrådrag

Særfrådrag på grunn av lettare nedsett arbeidsevne kan ikkje givast saman med særfrådrag for store kostnader ved sjukdom. Særfrådrag for lettare nedsett arbeidsevne kan heller ikkje givast samtidig med særfrådrag for uførleik.

Sjå Lignings­ABC, under punktet «Særfradrag ­ alder, uførhet og lettere nedsatt ervervsevne» dersom du vil ha meir utfyllande informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.