Eg skal ta ut alderspensjon, men held fram med å jobbe ved sidan av. Kva gjer eg med skattetrekket?

Dersom du held fram med å vere lønnsmottakar samtidig som du tek ut heil eller delvis alderspensjon, må du endre skattekortet ditt. Alderspensjonen din blir skattlagd som pensjonsinntekt, medan lønn blir skattlagd høgare (som lønnsinntekt).

Her kan du sjølv endre skattekortet ditt.

Både NAV og arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten. NAV får skattekortopplysningane elektronisk gjennom eit eige system, og er ikkje alltid informert om at du har ein annan hovudarbeidsgivar. Har du tabellkort, må du difor passe på at tabellkortet berre blir brukt hjå den av utbetalarane som er hovudarbeidsgivaren din, dvs. den du tek imot høgast inntekt frå (lønn eller pensjon).