Frå uførepensjon til uføretrygd

  • Skriv ut

Uførepensjon frå folketrygda heiter uføretrygd frå 1.1.2015. Uføretrygda frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar blir no skattlagde på same måte som lønnsinntekt.

Trygdeavgift

Satsen på trygdeavgifta for uføretrygd, er den same som for lønnsinntekt. For 2016 er satsen for lønnsinntekt 8,2 prosent.

Minstefrådrag

Satsane og beløpsgrensene for minstefrådraget er dei same som for lønnsinntekt. I 2016 er satsen for lønnsinntekt 43 prosent. For pensjonsinntekt er satsen 29 prosent. Minstefrådraget i 2016 utgjer maksimalt 91 450 kroner.

Skatteavgrensing

Ordninga med skatteavgrensing for uføre er oppheva frå og med 2015.

 

Finansdepartementet fastsette i forskrift 19.desember 2014 nr 1860 om skattefrådrag for uføre, ei treårig overgangsordning for å lette overgangen til ny uføretrygd og lønnsskattlegging for ei nærare gitt gruppe uførepensonistar som fekk ein stor nedgang i inntekta etter skatt. 

Overgangsreglane gjeld for uførepensjonistar som

  • har ein uføregrad på 2/3 eller meir og tok imot uførepensjon frå folketrygda i 2014 og kjem til å ta imot uføretrygd frå folketrygda i 2015 – ELLER
  • har ein uføregrad på 2/3 eller meir og tok imot uførepensjon frå Statens pensjonskasse (SPK) i 2014 og 2015, men ikkje har eller har hatt rett til uførepensjon/uføretrygd frå folketrygda.

I tillegg må dette stemme:

  • Du har fått skatteavgrensing i 2014 og ville fått skatteavgrensing i 2015 (dersom dagens reglar også gjaldt i 2015) – OG
  • Du har negativ kapitalinntekt både i 2014 og 2015 (til dømes større renteutgifter enn renteinntekter). Er skattytaren gift, blir det teke utgangspunkt i dei samla kapitalutgiftene og kapitalinntektene til ektefellane. Ektefellane må til saman ha minst éi krone meir i kapitalutgifter enn i kapitalinntekter.

Utrekninga av frådraget for 2015 ble gjort ved å samanlikne kva inntekta di etter skatt ville ha blitt i 2015 dersom dei gamle reglane framleis gjaldt, med inntekta di etter skatt rekna ut etter dei nye reglane. For å rekne ut kva din inntekt etter skatt ville blitt i 2015 dersom dei gamle reglane fortsatt var gjeldande, brukte vi eit stipulert beløp for uførepensjon som vi har fått fra NAV.

Dersom nedgangen i inntekt etter skatt er på meir enn 4 000 kroner, blei det gitt eit skattefrådrag lik nedgang i inntekt etter skatt minus 4 000 kroner. Maksimalt skattefrådrag for 2015 varer 100 000 kroner. Du kan ikkje få høgare skattefrådrag enn summen av inntektsskatten og trygdeavgifta di.

Dersom du blir omfatta av overgangsreglane, tek Skatteetaten omsyn til dette når vi reknar ut skatten din for 2015, 2016 og 2017.

Ver merksam på at skattefrådraget blir trappa ned for inntektsåra 2016 og 2017. For 2016 og 2017 utgjer frådraget høvesvis 67 prosent og 33 prosent av det skattefrådraget som er gitt i 2015.

Dersom du er gift, kunne ei fordeling av kapitalinntekt og -utgiftar mellom deg og din ektefelle få betydning for storleiken på skattefrådraget. Som hovedregel vil det lønne seg å føre kapitalinntektane i skattemeldinga til ektefellen som har lågast inntekt og som er ufør, og kapitalinntektane i skattemeldinga til ektefellen som har høgaste inntekt.

Sambuare med uføretrygd skattlegges som einsleg

Ektefellebeskatting for sambuarpar føreset meldeplikt etter folketrygdlova. Frå 2015 gir ikkje skattelova heimel for ektefellebeskatting av sambuare med uføretrygd. Det inneber at tidlegare meldepliktige sambuare som motek uføretrygd nå skattleggjast som einsleg.

Unntak

Ektefellebeskatting gjennomførast likevel i visse tilfelle, jf. forskrift for skattefrådrag for uføre 19. desember 2014 nr. 1860 § 7:

  • Mottok du uførepensjon og var meldepliktig sambuar for inntektsåret 2014, og blei du og sambuar likna som ektefelle, vidareførast ektefellebeskattingen for inntektsåret 2015 dersom:
    • du oppfyll vilkåra for skattefrådrag etter forskriften §§ 2 til 4 og 
    • dere framleis er sambuare

Informasjon om ektefellebeskatting fremgjekk av førebels skatteberekning for inntekståret 2015.

Frå inntektsåret 2016 skattlegges alle samboere som mottar uføretrygd som ensleg.

Særfrådrag for uførleik

Særfrådraget for uførleik er oppheva frå og med 2015.

Dersom du fekk eit halvt særfrådrag for uførleik i 2014 utan å få uførepensjon frå folketrygda, kan du likevel få særfrådrag etter ei overgangsordning på tre år. Føresetnaden er at du får uførepensjon etter andre lover enn folketrygda fordi arbeidsevna er sett ned med mindre enn 2/3.

Du kan ikkje samtidig få arbeidsavklaringspengar frå folketrygda.
Oppfyller du vilkåra her, kan du få særfrådrag med 1000 kroner for kvar månad for inntektsåret 2015. For 2016 utgjer særfrådraget 667 kroner per månad og for 2017 utgjer det 334 kroner per månad.

Ektefelletillegg

Ektefelletillegget frå folketrygda er falt bort. Fekk du ektefelletillegg per 1. januar 2015, beheld du det likevel ut den perioden du har fått det innvilga for. Du kan få det maksimalt 10 år etter 1. januar 2015.

Bakgrunn

Når uføretrygda blir skattlagd som lønn, blir det enklare å samanlikne og kombinere lønn og trygd. Dersom du jobbar ved sidan av heil eller delvis uføretrygd, blir det enklare for deg å føreseie både inntekt, skattetrekk og ei eventuell endring av trygdeutbetalinga. Les meir om uføretrygd på nav.no.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.