Nye reglar om uføretrygd og skatt – spørsmål og svar

  • Skriv ut

Reglane gjeld frå 1. januar 2015.

Generelle spørsmål

Spørsmål:

Er uføretrygd noko anna enn uførepensjon?

Svar:

Nei. Uførepensjonen frå NAV gjekk frå 1. januar 2015 over til å heite uføretrygd. Vilkåra for å få innvilga dette blei ikkje endra. Uføreytingar frå andre pensjonsgivarar enn NAV, til dømes Statens pensjonskasse, kan framleis kunne heite uførepensjon.

Spørsmål:

Er det berre uføretrygda frå folketrygda som skal skattleggjast som lønn?

Svar:

Nei. Alle uføreytingar, som tidlegare blei skattlagde som pensjon, skal frå 1. januar 2015 skattleggjast som lønn.

Spørsmål:

Er uføretrygda pensjonsgivande inntekt?

Svar:

Uføretrygda er ikkje pensjonsgivande inntekt, men du får pensjonsopptening basert på den inntekta som uføretrygda erstattar. Du får pensjonspoeng til og med det året du fyller 66 år, dersom du er fødd før 1962. Er du fødd seinare, får du tent opp poeng til og med det året du fyller 62 år.

Ønskjer du nærare opplysningar om grunnlaget for pensjonsopptening, kontakt NAV eller sjå nav.no.

Særfrådrag for uførleik

Spørsmål:

Kan ein framleis få særfrådrag for uførleik?

Svar:

Særfrådraget for uførleik er oppheva frå og med 1. januar 2015.

Auken i uføretrygda frå folketrygda skal i utgangspunktet kompensere for det at særfrådraget blir avvikla. Ei gruppe skattytarar som ikkje får uføretrygd frå folketrygda, men som får uføreyting etter andre lover fordi arbeidsevna er nedsett med mindre enn 2/3, fekk tidlegare eit halvt særfrådrag. Denne gruppa får ikkje kompensert for avviklinga av særfrådraget fordi dei ikkje får uføretrygd frå folketrygda, og dermed ikkje nyt godt av den auka ytinga frå folketrygda. For denne gruppa blei det derfor vedteke ei 3¬årig overgangsordning.

Overgangsreglane kan gjelde deg dersom du:

  • i 2014 fekk eit halvt særfrådrag for uførleik, men ikkje fekk uførepensjon frå folketrygda.
  • har lågare uføregrad enn 2/3 og får uføreytingar etter andre lover enn folketrygda. Døme på lovfesta ordningar er Statens pensjonskasse og pensjonsordninga for sjukepleiarar. Kommunale pensjonsordningar, individuelle uføreforsikringar og pensjon over drift er døme på ikkje-lovfesta ordningar.
  • ikkje tek imot arbeidsavklaringspengar
  • er under 67 år

Særfrådraget i 2015 utgjorde 1000 kroner per påbegynt månad, for 2016 utgjer det 667 kroner og for 2017 utgjer det 334 kroner.

Skatt og skatteutrekning

Spørsmål:

Fører auka skatt på uføretrygda eller uførepensjonen til at eg får mindre utbetalt?

Svar:

NAV har auka storleiken på uføretrygda for å kompensere for at skattenivået er blitt høgare. Har du ein annan pensjonsgivar enn NAV eller i tillegg til NAV, må du ta kontakt med denne for å finne ut om det har blitt endringar i ytinga du tek imot. Når det gjeld kva den enkelte får utbetalt, avheng dette både av storleiken på trygda/uføreytinga og eventuelle tillegg, skatt, frådrag osv. Om du får utbetalt meir eller mindre enn tidlegare, kan vi dessverre ikkje svare konkret på.

Spørsmål:

Blir skattefrådraget etter overgangsreglane rekna ut automatisk?

Svar:

Oppfyller du vilkåra for å få skattefrådrag etter overgangsregelen, blir dette rekna ut automatisk for deg.

Når du får skattetrekksmeldinga i desember, ser du om Skatteetaten har rekna ut skattefrådrag for deg etter overgangsreglane.

Skattekort og skattetrekk

Spørsmål:

Korleis finn eg ut kor mykje skatt eg skal betale? Skal eg bruke prosent¬ eller tabelltrekk?

Svar:

Kvart år i desember får du skattetrekksmeldinga for neste år. Denne viser kva for opplysningar som er lagde til grunn for det nye skattekortet ditt. Der går det òg fram kva prosent eller tabelltrekk du skal ha. Tabelltrekk skal i utgangspunktet nyttast hjå hovudarbeidsgivaren (den du får utbetalt mest frå). Har du andre arbeidsgivarar/pensjonsutbetalarar, skal dei bruke prosenttrekk.

Spørsmål:

Kva tal bruker Skatteetaten til å rekne ut skattetrekk for 2016?

Svar:

Når vi i Skatteetaten skal rekne ut skattetrekket, bruker vi det siste kjente skatteoppgjeret, som er inntektsåret to år tidlegare. Vi reknar til dømes ut skattetrekket for 2017 ved å bruke opplysningane frå skatteoppgjeret for 2015

Spørsmål:

Når uføretrygda no skal skattleggjast på same måte som yrkesaktive, vil dei uføre då få feriepengar i juni på lik linje med dei som er på jobb?

Svar:

Nei. Du tener ikkje opp rett til feriepengar på uføretrygd. På den andre sida er det ikkje skattetrekk på utbetalinga av trygda i juni månad. Dersom du arbeider ved sida av trygda, tener du opp rett på feriepengar av arbeidsinntekta di. Du finn meir informasjon om uføretrygd på nav.no

Spørsmål:

Eg får 100 prosent uføretrygd frå NAV/folketrygda. Eg ønskjer å prøve meg i jobb. Kva gjer eg med skattetrekk og skattekort?

Svar:

Det er viktig at du sjekkar grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt i skattetrekksmeldinga som du får i desember, og sikrar at opplysningane stemmer. Dersom du skal ut i jobb, bør du endre skattekortet ditt slik at du tek med både uføretrygd og lønn i grunnlaget. Dersom du har tabellkort, er det viktig å passe på at tabelltrekket berre blir brukt av éin utbetalar (hovudarbeidsgivar) i same tidsrom. Andre utbetalarar må bruke prosenttrekket. Dersom du ønskjer å gjere endringar, bør du endre skattekortet ditt.

Spørsmål:

Eg får 100 prosent uføretrygd frå NAV. Eg ønskjer å prøve meg i jobb. Må eg gi beskjed om det til både NAV og Skatteetaten?

Svar:

Ja, det er viktig å melde frå til begge for å få rett storleik på den månadlege utbetalte uføretrygda, og til Skatteetaten dersom du må endre skattekortet.

Spørsmål:

Korleis vel NAV kva for skattetrekk som blir brukt – tabelltrekk eller prosenttrekk?

Svar:

NAV bruker tabelltrekk dersom du har 100 % uføretrygd, eller dersom det er NAV som utbetaler den høgaste ytinga.

Spørsmål:

Kva gjer eg dersom eg har hatt ein vesentleg auke i inntekta frå arbeid?

Svar:

Då må du bestille eit nytt skattekort. Når du endrar skattekortet ditt på skatteetaten.no, får NAV ei oppdatering så snart endringa er registrert hos Skatteetaten.

Overgangsordninga med skattefrådrag  for uføre

Spørsmål:

Kven gjeld overgangsreglane for?

Svar:

Overgangsreglane gjeld for uførepensjonistar som får vesentleg redusert inntekt etter skatt som følgje av overgang til uføretrygd.

Gjeld deg som:

  • fekk uførepensjon frå folketrygda i 2014 og skal få uføretrygd frå folketrygda i 2015 - ELLER
  • har ein uføregrad på 2/3 eller meir og fekk uførepensjon frå Statens pensjonskasse (SPK) i 2014 og 2015, men ikkje har eller har hatt rett til uførepensjon/uføretrygd frå folketrygda I tillegg må du
  • ha hatt skatteavgrensing i 2014 og ha villa fått skatteavgrensing i 2015 (dersom dagens reglar også gjaldt i 2015) - OG
  • ha hatt negativ kapitalinntekt i 2014 og ha det i 2015. Det vil seie større kapitalutgifter, t.d. renter på bustadlån, enn kapitalinntekter som renter av bankinnskot, skattepliktige leigeinntekter, utbytte av aksjar. Er du gift, blir det teke utgangspunkt i dine og ektefellen din sine samla kapitalinntekter og kapitalutgifter. Du og ektefellen din må til saman ha minst éi krone meir i kapitalutgifter enn i kapitalinntekter.

Skattefrådraget for 2015 bli sett lik utrekna nedgang i inntekt etter skatt, med 4 000 kroner trekt frå (maks. kr 100 000).
Skattefrådraget blir trappa ned jamt for inntektsåra 2016 (67 % av skattefrådraget som er gitt i 2015) og 2017 (33 % av skattefrådraget som er gitt for 2015) og fell bort frå og med inntektsåret 2018.

Skattefrådraget blir gitt i inntektsskatt og trygdeavgift.

Spørsmål:

Eg har 1,2 millionar i gjeld.  Vil eg kome inn under dei nye overgangsreglane?

Svar:

Det veit vi ikkje. Vi kan dessverre ikkje svare på spørsmål om posisjonen til den enkelte. Du kan lese meir om overgangsreglane over.

Kjeldeskatt

Spørsmål:

Kva skjer med dei som bur i utlandet? Verkar dei nye reglane inn på kjeldeskatten?

Svar:

Kjeldeskatten på 15 prosent blir vidareført. Dei nye reglane verkar ikkje inn på kjeldeskatten.

Friinntektsgrensa på 60 000 kroner

Spørsmål:

Eg er 100 % ufør og får ein liten tilleggspensjon frå KLP ved sida av pensjonen frå NAV. Blir tilleggspensjonen frå KLP rekna som inntekt i tilknyting til friinntektsgrensa mi på 60 000?

Svar:

Nei. Pensjonen din frå KLP blir ikkje rekna inn i beløpsgrensa di på 60 000 kroner per år.

Kombinasjon av uføretrygd og lønn

Spørsmål:

Kvifor blir uføretrygda skattlagd som lønn?

Svar:

Det er for at dei som kan arbeide ved sida av, skal sleppe å ha med to ulike skattereglar å gjere. Frå 1. januar 2015 blei både uføretrygd og lønnsinntekt skattlagd som lønnsinntekt, og ikkje som pensjonsinntekt og lønnsinntekt som i dag. Stortingets vedtak om at bruttoytinga for nye uføre skal aukast til 66 % av tidlegare inntekt opp til 6 G, har som føresetnad at ny uføretrygd blir skattlagd som lønn.

Regulering av G

Spørsmål:

Blir uføretrygda oppjustert årleg når G-reguleringa kjem?

Svar:

Ja, uføretrygda blir oppjustert saman med G-reguleringa.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.