Standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar

  • Skriv ut

Som utanlandsk arbeidstakar kan du krevje eit standardfrådrag. Ver merksam på at ein del andre frådrag fell bort om du vel standardfrådraget. Du må sjølv krevje frådraget i post 3.3.7 i skattemeldinga.

Standardfrådraget for utanlandske arbeidstakarar er 10 prosent av brutto arbeidsinntekt, og maksimalt 40 000 kroner. Brutto arbeidsinntekt omfattar ordinær brutto lønn med tillegg av andre skattepliktige kontant- og naturalytingar og eit eventuelt overskot på utgiftsgodtgjersler.

Du kan krevje frådraget når

Har ektefellen din også krav på standardfrådrag, må anten begge eller ingen av dykk krevje standardfrådrag.


Slik krev du frådraget i skattemeldinga

Standardfrådrag blir ikkje gitt automatisk. Du må difor krevje det i post 3.3.7 i skattemeldinga før du leverer ho. Vi tilrår at du gjer det elektronisk.

I tillegg til standardfrådraget får du

Dersom du oppheld deg / er busett i Noreg heile inntektsåret, får du
fullt minstefrådrag og personfrådrag (12/12). Dersom du er busett i Noreg ein del av inntektsåret, blir frådraga reduserte i høve til kor lenge du har vore busett i Noreg. Er du skattepliktig for lønnsinntekt i Noreg, men ikkje busett, blir frådraga reduserte i høve til kor lenge du har hatt skattepliktig inntekt. Har du til dømes hatt lønnsinntekt i Noreg mellom 3 og 4 månader i inntektsåret, blir frådraga 4/12 av fulle frådrag.

Standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar blir ikkje redusert sjølv om du berre har vore skattepliktig i Noreg ein del av året.

Du kan òg ha krav på:

  • frådrag for tilskot til norsk offentleg eller privat pensjonsordning i arbeidsforhold
  • frådrag for fagforeiningskontingent 

Er du statsborgar i eit EU/EØS-land kan du òg ha krav på frådrag for tilskot til ei pensjonsordning i eit anna EU/EØS-land.

Arbeidsgivar for utanlandske arbeidstakarar kan lese meir om standardfrådrag på sidene for arbeidsgivar. 

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.