Skattepliktig som busett i Noreg

  • Skriv ut

Dersom du oppheld deg i Noreg i over 183 dagar i ein 12-månadersperiode eller over 270 dagar til saman i ein 36-månadersperiode, blir du skattepliktig som busett. Du kan krevje standardfrådrag dei to første inntektsåra du er skattepliktig som busett i Noreg. Dette gjeld sjølv om du for tidlegare år har fått / hatt krav på standardfrådrag fordi du var avgrensa skattepliktig til Noreg. Du må velje mellom standardfrådrag og vanlege frådrag.

Her er nokre døme på frådrag som fell bort når du krev standardfrådrag:

  • frådrag for reise mellom bustaden din i Noreg og den faste arbeidsstaden (arbeidsreise)
  • gjeldsrenter
  • foreldrefrådrag (kostnader til barnehage o.a.)
  • innbetaling til individuell pensjonsavtale (IPS) etter skattelova
  • frådrag for gåve til visse organisasjonar
  • skattefrådrag for sparebeløp i bustadsparing for ungdom (BSU)                                 
  • meirkostnader ved opphald utanfor heimen, under dette kost, losji og besøksreiser. Dette gjeld òg frådrag for pendlarkostnader når ein pendlar frå ein heim i utlandet. Dersom arbeidsgivaren dekkjer kostnadene til kost, losji og besøksreiser når du pendlar til bustaden din i utlandet, anten direkte eller ved godtgjersle, må du velje om du vil bli skattlagd etter netto- eller bruttometoden. Nettometoden inneber at ytingar frå arbeidsgivar til dekning av kost, losji og besøksreiser til heimen ikkje skal takast med i skattepliktig inntekt, berre eit eventuelt overskot. Då kan du ikkje krevje standardfrådrag i tillegg. Bruttometoden inneber at alle ytingar frå arbeidsgivar skal takast med i brutto skattepliktig inntekt. Då kan du krevje frådrag for faktiske kostnader eller standardfrådrag.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.