Bustad etter skatteavtalen

Oppheld du deg i utlandet, men oppfyller ikkje vilkåra for å ikkje lenger vere skattepliktig til Noreg etter dei reglane som er nemnde over, er du framleis skattemessig busett i Noreg etter norsk intern rett. Om du både er skattemessig busett i Noreg etter norsk intern rett og skattemessig busett i opphaldslandet etter det landet sin interne rett, skal bustadspørsmålet avgjerast etter føresegnene i skatteavtalen mellom Noreg og det andre landet. Det same gjeld om du blir skattemessig busett i Noreg og framleis er skattemessig busett i det landet du har flytt frå.

Kvar er du busett etter skatteavtalen, og kva har det å seie?

Når du er skattemessig busett i begge land, skal bustadstatusen din avgjerast etter føresegnene i artikkelen i skatteavtalen om skattemessig bustad (vanlegvis artikkel 4). Etter denne føresegna skal du reknast som busett i det landet der du disponerer fast bustad. Har du fast bustad i begge landa, er det avgjerande kvar du har dei «sterkaste personlege og økonomiske kontaktane (sentrum for livsinteressene)». Om dette ikkje gir noko klart svar, eller om du ikkje har fast bustad i nokon av landa, skal du reknast som skatteavtalemessig busett i det landet der du har vanleg opphald. Har du vanleg opphald i begge landa, skal du reknast som busett i det landet der du er statsborgar.

Bustad etter skatteavtalen vil verke inn på kva inntekter som kan skattleggjast i Noreg.

Er du skattemessig busett i Noreg etter norsk intern rett, men busett i eit anna land etter skatteavtalen, er du som regel berre skattepliktig til Noreg for lønnsinntekt som er opptent i Noreg, fast eigedom eller næringsinntekt i Noreg og aksjeutbyte frå norske selskap. Du kan òg vere skattepliktig for pensjon og uføreytingar frå Noreg og for formue.

Er du busett i Noreg etter både intern rett og skatteavtalen, er du i utgangspunktet skattepliktig til Noreg for heile formuen og inntekta di. Skatteavtalen har reglar om korleis ein unngår dobbeltskattlegging, og avtalen kan avgrense skatteplikta til Noreg.

Dokumentasjon av bustad i utlandet

Dersom du meiner at du er busett i eit anna land etter artikkel 4 i skatteavtalen, må du dokumentere dette overfor skattekontoret i Noreg. Du må leggje fram ei stadfesting frå skattestyresmaktene i det andre landet som uttrykkjeleg seier at skattestyresmaktene reknar deg for å vere skattemessig busett der etter skatteavtalen (Certificate of Residence). Stadfestinga må vere original, og ho må vise til skatteavtalen med Noreg og kva tidsrom denne gjeld for. Skattekontoret kan krevje at du legg fram ei ny stadfesting kvart inntektsår.

Sjølv om du leverer ei slik stadfesting der det går fram at skattestyresmaktene i det andre landet reknar deg som skatteavtalemessig busett der, skal skattekontoret gjere ei sjølvstendig vurdering av kvar du skal reknast som busett, etter skatteavtalen. Kriteria for denne vurderinga står i artikkel 4 nr. 2 i skatteavtalen.

Bur du i eit anna land og meiner at tilknytinga til dette landet er slik at du er busett der etter skatteavtalen, bør du sjølv ta opp dette spørsmålet med skattekontoret i Noreg. Du må då leggje fram ei bustadstadfesting (Certificate of Residence) og gi dei opplysningane om tilknytinga til det andre landet og til Noreg som er nødvendige for at skattekontoret skal kunne vurdere spørsmålet om kvar du er busett. Det same gjeld dersom du faktisk blir skattlagd for den same inntekta både i det andre landet og i Noreg.

Dersom ein situasjon med dobbeltskattlegging ikkje blir løyst på denne måten, må du ta opp saka med skattestyresmaktene i det landet du meiner du er busett. Er du busett i eit anna land enn Noreg, skal du ta opp saka anten med Finansdepartementet i det landet eller med den skattestyresmakta som har fått fullmakt til å handsame slike saker om dobbeltskattlegging. Dersom den styresmakta som handsamar saka, kjem fram til at du har blitt skattlagd for same inntekt i to land, skal dei ta opp saka med Skattedirektoratet eller Finansdepartementet i Noreg dersom dei ikkje sjølve kan fjerne dobbeltskattlegginga. Er du busett i Noreg, kan du ta opp saka med Skattedirektoratet.

Er du skattemessig busett i Noreg etter norske interne reglar, men busett i eit anna land etter ein skatteavtale, har du alltid plikt til å levere ei fullstendig utfylt sjølvmelding til norske skattestyresmakter.

Du finn reglane om skattemessig bustad i Noreg ved inn- og utflytting i skattelova § 2-1 andre til sjette ledd.