Skattemessig bustad ved innflytting til Noreg

Reglane om skattemessig bustad ved innflytting til Noreg gjeld for deg som ikkje tidlegare har budd i Noreg. Reglane gjeld òg for deg som har budd i Noreg tidlegare, om du har fått godkjend skattemessig utflytting (emigrasjon).

Dersom du oppheld deg i Noreg i meir enn 183 dagar i løpet av ein periode på 12 månader, blir du skattemessig busett i Noreg. Det same gjeld om du oppheld deg i Noreg i meir enn 270 dagar i løpet av en periode på 36 månader. Alle heile eller delar av kalenderdøgn med opphald i Noreg blir teke med når ein reknar ut talet på dagar.

Dersom du oppheld deg meir enn 183 dagar i Noreg i innflyttingsåret, er du skattemessig busett frå og med den første dagen du oppheld deg i Noreg. Dersom dei 183 dagane fordeler seg på to inntektsår, blir du skattemessig busett frå og med 1. januar i år nummer to. (Du vil vere avgrensa skattepliktig i året før. Det vil seie at du berre er skattepliktig for visse inntekter med tilknyting til Noreg.)

Oppheld du deg i Noreg meir enn 270 dagar i ein periode på 36 månader, er du skattemessig busett frå og med 1. januar i det året opphaldet overstig 270 dagar. (Du vil vere avgrensa skattepliktig i det/dei føregåande året/åra.)

Du kan opphalde deg i gjennomsnittleg 90 dagar per år i Noreg utan å bli skattemessig busett i Noreg.

Døme

Johan er pensjonist og emigrerte til Frankrike i 2003. Han oppheld seg i Noreg kvar sommar og kvar jul. Dersom Johan oppheld seg i Noreg i meir enn 270 dagar i ein periode på 36 månader, dvs. meir enn 3 månader per år i gjennomsnitt, vil han bli skattemessig busett i Noreg. Han blir då skattepliktig til Noreg og får plikt til å levere inn sjølvmelding. Skattemessig bustad kan då berre bli endra etter dei reglane som er nemnde nedanfor.

Er du skattemessig busett i Noreg etter intern rett, er du i utgangspunktet skattepliktig til Noreg for all formue og inntekt, uansett om formuen/inntekta er i eller er opptent i Noreg eller i utlandet. Skattleggingsretten i Noreg kan vere avgrensa av føresegnene i ein skatteavtale med eit anna land.