Slutt på skattemessig bustad ved utflytting frå Noreg (emigrasjon)

Det er berre om du tek fast opphald i utlandet, at du kan bli rekna som skattemessig utflytt frå Noreg. Mellombels opphald i utlandet opphevar ikkje den skattemessige bustaden i Noreg.

For at den skattemessige bustaden din i Noreg skal ta slutt ved utflytting, må du godtgjere:

  • at du har teke fast opphald i utlandet 
  • at du ikkje har opphelde deg i Noreg i éin eller fleire periodar som overstig 61 dagar i inntektsåret 
  • at du eller dine nærståande (ektefelle, sambuar, barn) ikkje disponerer ein bustad i Noreg. 

Har du budd mindre enn 10 år i Noreg før det inntektsåret du tek fast opphald i utlandet, kjem den skattemessige bustaden din i Noreg til å slutte å gjelde det inntektsåret alle desse tre vilkåra blir oppfylte.

Har du budd i Noreg i til saman 10 år eller meir før det inntektsåret du tek fast opphald i utlandet, kan den skattemessige bustaden i Noreg først slutte å gjelde etter utløpet av det tredje inntektsåret etter det året du tok fast opphald i utlandet.

For at den skattemessige bustaden din skal slutte å gjelde, må du oppfylle desse krava i kvart av dei tre inntektsåra etter at du tok fast opphald i utlandet:

  • Opphaldet i Noreg må ikkje overstige 61 dagar.
  • Du sjølv eller dine nærståande (ektefelle, sambuar, barn) må ikkje disponere ein bustad i Noreg. 

Døme

Per og Kari er begge pensjonistar. Dei har selt bustaden i Noreg og flytte til Spania hausten 2013. Dei har framleis ei hytte i Noreg som dei har hatt i 20 år. Dei planlegg å vere i Noreg i seks veker kvar sommar og 1 veke kvar jul. Per og Kari vil vere skattemessig busette i Noreg til og med 31. desember 2016. Dersom dei oppheld seg i Noreg i meir enn 61 dagar, vil dei framleis ha skattemessig bustad i Noreg etter 2016.

Desse reglane gjeld alle som har budd i Noreg i éin eller fleire periodar i til saman meir enn 10 år.

Verk merksam på at alle heile eller delar av kalenderdøgn blir tekne med når ein reknar ut talet på dagar med opphald i Noreg.

Vilkåret om at du ikkje må disponere bustad i Noreg, inneber at verken du eller ektefellen eller sambuaren din eller dei mindreårige barna dine må eige (direkte eller indirekte), leige eller på anna grunnlag ha rett til å bruke ein bustad i Noreg. Mindreårige barn som bur saman med ein tidlegare ektefelle eller sambuar i Noreg, blir normalt ikkje rekna for å disponere bustad i Noreg.

Med bustad meiner vi ei kvar bueining som har vore brukt som bustad. Vidare meiner vi ei kvar bueining med innlagt vatn og avløp heile året, så framt ein ikkje på grunn av reguleringsplan e.l. har vore avskoren frå å bruke han som bustad på utflyttingstidspunktet.

Du kan likevel ha fritidsbustad eller annan fast eigedom i Noreg etter utflyttinga utan at det er til hinder for at den skattemessige bustaden din i Noreg kan slutte å gjelde. Dette gjeld bueiningar som ikkje blir rekna som bustad, det vil seie bueiningar utan innlagt vatn og avløp heile året, og bueiningar som på grunn av reguleringsplan e.l. ikkje kan brukast som bustad på utflyttingstidspunktet. Det gjeld òg for andre bueiningar som er kjøpte minst fem år før det året du flytte til utlandet. Det er ein føresetnad at verken du, ektefellen eller sambuaren din eller barna dine har brukt bueininga som bustad i løpet av dei siste fem åra før utflyttingsåret.

Du vil alltid vere skattemessig busett i Noreg i utflyttingsåret og i dei tre etterfølgjande inntektsåra dersom du har budd i Noreg i 10 år eller meir før det inntektsåret du tek fast opphald i utlandet. I denne perioden må du levere sjølvmelding i Noreg på same måte som då du budde her. Du må godtgjere at du i denne perioden ikkje har disponert bustad i Noreg, og at du ikkje har opphelde deg her meir enn 61 dagar i året. Plikta til å levere norsk sjølvmelding fell først bort når likningsstyresmaktene i Noreg har godteke at den skattemessige bustaden din i Noreg har slutta å gjelde.

Norsk skattleggingsrett kan vere avgrensa som følgje av føresegner i skatteavtalane Noreg har inngått med andre land.