Innleiing

Det er den enkelte skattpliktige skattyter som i utgangspunktet skal fastsette storleiken på ein eventuell skattepliktig gevinst eller frådragsberettiget tap ved eit skattepliktig salg av fast eiendom. Dersom du som er skattepliktig ikkje skriv inn gevinst eller tap i skattemeldinga (sjølvmeldinga) fastsett skattekontoret beløpet.

Gevinst ved sal av tomt er alltid skattepliktig. Skattepliktig gevinst er ein del av alminneleg inntekt og blir skattlagd med 25 prosent for inntektsåret 2016 og 24 prosent for inntektsåret 2017. Gevinst ved sal eller annan realisasjon av bustad- og fritidseigedom er i utgangspunktet skattepliktig. Det finst likevel omfattande fritak frå skatteplikta på grunn av reglar om eigar- og butid som gir fritak for gevinst. Tap ved sal gir berre rett til frådrag i dei tilfella der ein eventuell gevinst ville vore skattepliktig. 

Sjølv om gevinsten ved sal av bustad- eller fritidseigedom er unnateke frå skatteplikt, kan likevel delar av vederlaget vere skattepliktig etter reglane om skatteplikt ved sal av tomt, nærmare omtalt under.

Dersom du bruker ein del av bustaden til heimekontor i samband med lønna arbeid, blir du rekna for å ha budd også i denne delen av bustaden. For ein lønnstakar har heimekontor derfor ingenting å seie for spørsmålet om ein eventuell skattepliktig gevinst eller frådragsrett for tap ved sal av bustaden. 

Næringsdrivande som har heimekontor, blir ikkje rekna for å bu i den delen av bustaden som blir brukt i næringsverksemda. Når bustaden skal seljast, skal det derfor betalast skatt på den forholdsmessige delen av gevinsten som gjeld heimekontoret.