Skatt ved sal av tomt

Gevinst ved sal eller annan realisasjon av tomt er skattepliktig. For inntektsåret 2016 er skatten 25 prosent (24 prosent for inntektsåret 2017) av gevinsten frå salet. Tap ved sal gir berre rett til frådrag i dei tilfella der ein gevinst ville vore skattepliktig.

Kva er ei tomt?

Dette blir alltid rekna som tomt:

  • ubygd grunnareal som er eigna som byggjegrunn for bustad, fritidsbustad o.a.

Heilt eller delvis bygd grunnareal blir òg rekna som tomt i desse tilfella: 

  • Dersom grunnarealet er eigna for bygging av bustad, fritidsbustad o.a. 
  • Dersom vederlaget i vesentleg grad må reknast for å vere påverka av ei slik utnytting av grunnarealet. Eit døme på dette er når busetnaden på grunnarealet har liten verdi (typisk er moden for rivning), slik at kjøpet i realiteten gjeld grunnarealet og ikkje busetnaden.

Kva blir rekna som sal av tomt?

Ei tomt blir rekna som seld når eigedomsretten tek slutt eller blir overførd til ein annan. Det gjeld ved til dømes:

  • frivillig sal, også frådeling av tomter frå større grunnareal 
  • tvunge sal, til dømes ved ekspropriasjon eller sal på tvangsauksjon 
  • bortbyte av tomta, til dømes ved makeskifte 
  • sal til underpris, til dømes i samband med arveforskot eller delvis gåve 
  • stifting av (stetse)varige rettar (det vil seie i meir enn 99 år) når stiftinga av retten blir gjort opp mot eit eingongsvederlag

Tomter blir ikkje rekna som selde ved til dømes:

  • gåveoverføring eller arveforskot 
  • arveovergang ved dødsfall 
  • skifte av dødsbu mellom arvingar 
  • overføring mellom ektefellar, også ved oppløysing av felleseige ved separasjon eller skilsmisse 
  • jordskifte etter lov om jordskifte av 21. desember 1979 
  • stifting av tidsavgrensa rettar, medrekna bortfeste, når festeavtalen gjeld i mindre enn 99 år.

Ver merksam på at delar av vederlag for sal av bustad- eller fritidseigedom som er unnateke frå skatteplikt, likevel kan vere skattepliktige etter reglane om skatteplikt ved sal av tomt. Det gjeld til dømes sal av utbygd eigedom der tomta er større enn det arealet som utgjer ei naturleg arrondert tomt for bustaden eller fritidseigedomen.

Kva er ei naturleg arrondert tomt?

Kva som er ei naturleg arrondert tomt må ein avgjere i  kvart enkelt tilefelle der ein mellom anna tek omsyn til busetnaden, tilkomst, topografi,  plassering av bygningen(ane)på tomta, korleis området er regulert i kommuneplanen, og  kva som er vanleg storleik på tomter i området. Er eigedomen samansett av fleire bygningar, må den naturlege arronderte tomta omfatte dei bygningane som naturleg utgjer ein einskap, til dømes bustad og garasje.

Det kan og bli tale om skattepliktig tomtesal dersom omsetningsverdien av eigedomen i det vesentlege er upåverka av busetnaden, og verdien av busetnaden ikkje er så betydeleg at det er unaturleg å sjå på eigedomen som ei tomt. I rettspraksis har ein mellom anna hatt som vurderingstema "om det ved en totalbedømmelse av alle omstendigheter må anses som en økonomisk rimelig og påregnelig mulighet at en kjøper av eiendommen til dens pris i handel og vandel vil beholde eiendommen i det vesentlige uforandret med hensyn til bruk og bebyggelse" (Rt. 1977 s. 1264).