Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Eigedomsskatt

  • Skriv ut

Kommunar kan vedta å innføre eigedomsskatt, og dei kan velje å bruke verdiar frå Skatteetaten som grunnlag for å rekne ut eigedomsskatten.

I 2018 nyttar ein Skatteetaten sine bustadverdiar frå 2016. Formuesverdien som står oppført i sjølvmeldinga utgjer ein viss prosentdel av skatteetaten sin bustadverdi (estimert marknadsverdi). For inntektsåret 2016 utgjer formuesverdien for primærbustader vanlegvis 25 prosent av bustadverdien, medan formuesverdien for sekundærbustader vanlegvis ligg på 80 prosent av bustadverdien.

I bustadkalkulatororen vår kan du rekne ut likningsverdien for bustaden for 2016:

Berekn formuesverdien for 2016

Klage på eigedomsskatt

For å fortelje deg korleis du skal klage på utskreven eigedomsskatt, må vi først vite korleis kommunen har berekna eigedomsskatten på bustaden din. 

Finn ut om du skal klage til kommunen din eller til Skatteetaten

Spørsmål?

Dersom du lurer på noko om utskriven eigedomsskatt, må du kontakte kommunen din.

Eigedomsskatt - Kva gjeld for burettslag og bustadsakjeselskap

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.