Korleis leverer eg klage for inntektsåret 2015?

Vi tilrår å klage elektronisk. Den elektroniske klageløysinga tolkar automatisk ei klage for 2015 som ei klage som har kome inn etter fristen. Du må derfor skrive kva klaga gjeld. «Klage på eigedomsskatt i kommune X» er tilstrekkeleg. Vi handsamar då normalt klaga innan 3 månader.

Klaga må grunngivast, og du må gi opplysningar om det du meiner er feil. Er det noko feil med P-ROM (areal), byggjeår, bustadtype eller eventuelt bustadverdien, oppgir du det som er feil. Klagar du på bustadverdien, må du leggje ved dokumentasjon på marknadsverdien.