P-ROM som er oppgitt i skattemeldinga (sjølvmeldinga) mi, er feil (eller manglar). Kan eg levere inn opplysningane gjennom Altinn (RF-1282) eller oppgi korrekt P-ROM i skattemeldinga for inntektsåret 2016?

Dersom du vil at endringa skal verke inn på grunnlaget for eigedomsskatten for 2017, må du levere klage for inntektsåret 2015. Ei endring av formuesverdien for inntektsåret 2016 vil først verke inn på eigedomsskatten for 2018. Du må i tillegg oppgi korrekt P-ROM i skattemeldinga for inntektsåret 2016.