Eg har fått eigedomsskatt på bustaden min. Grunnlaget er for høgt og kommunen har sagt at denne er basert på verdiar frå Skatteetaten. Kva skal eg gjere?

Du må først sjekke om det er grunnlag for å klage på formuesverdien (likningsverdien). Dersom formuesverdien på bustaden utgjer meir enn 30 prosent (primærbustad) eller 84 prosent (sekundærbustad) av marknadsverdien (grunnlaget), kan du få sett ned verdien. Du må då klage på formuesverdien for inntektsåret 2015.