Eg ønskjer å klage på bustadverdien. Kor raskt får kommunen beskjed om ein ev. nedjustert bustadverdi/formuesgrunnlag?

Du må først sjekke om det er grunnlag for å klage på formuesverdien for inntektsåret 2015. Dersom formuesverdien på bustaden utgjer meir enn 30 prosent (primærbustad) eller 84 prosent (sekundærbustad) av marknadsverdien, kan du få sett ned verdien. Det er likningsverdien for inntektsåret 2015 du må klage på for at det skal verke inn på eigedomsskatten for 2017.

Dersom klaga fører fram, kan kommunen laste ned ny bustadverdi frå Skatteetaten og oppdatere utrekninga av eigedomsskatten din.

Du må sjølv kontakte kommunen for å få fastsett ny eigedomsskatt basert på justert bustadverdi/formuesgrunnlag etter at klaga er godkjend.