Korleis finn eg gjeldande P-ROM-areal, byggjeår og bustadtype for bustaden min?

Dette finn du i skattemeldinga (sjølvmeldinga) di for inntektsåret 2015 (Sjølvmelding 2015) som du fekk i 2016. Sjå her om korleis du får tilgang til tidlegare sjølvmeldingar elektronisk.
Opplysningane står på side 2 under Grunnlag for (formues-) likningsverdi, post 4.3.2 Bustad/Bustadselskap. Hugs at du må vere eigar av bustaden.