Slik klagar du på formuesverdien

  • Skriv ut

Bustaden sin formuesverdi er lik arealet på bustaden gonger kvadratmeterprisen som er basert på statistikk over omsette bustader. I skattelova er det likevel fastsett grenser for kor høg bustaden sin formuesverdi bør vere i forhold til dokumentert marknadsverdi.

Dersom formuesverdien overstig nærare oppgitte prosentsatsar, kan eigaren av bustaden krevje å få nedsett formuesverdien. Skatteetaten rettar ikkje denne verdien av eige tiltak.

Grensene for kor høg formuesverdien kan vere i forhold til reell marknadsverdi, er ulike for primær- og sekundærbustad. Med primærbustad meiner vi den bustaden der du var fast busett ved utgangen av inntektsåret. Det vil som regel vere der du har folkeregistrert adresse per 31/12. Dersom du eig andre bustader, blir desse rekna som sekundærbustader, typisk utleigebustader og pendlarbustader o.l.

I eigedomsskattesaker der kommunen brukar bustadverdiane som Skatteetaten fastset, må ein ta omsyn til maksgrensene som gjaldt det inntektsåret som bustadverdien er knytt til.

Døme: For eigedomsskatt som er utskriven i 2017, er bustadverdien henta frå fastsettinga (likninga) av inntektsåret 2015. Det er maksgrensene gjeldende for inntektsåret 2015 som skal leggjast til grunn ved ei eventuell klage på bustadverdien som er brukt i eigedomsskattevedtak i 2017.

Kva må til for å få sett ned formuesverdien?

Dersom du kan dokumentere at formuesverdien for primærbustaden din overstig 30 prosent av marknadsverdien til bustaden, har du krav på å få sett ned formuesverdien.

For sekundærbustader har du for inntektsåret 2016 krav på å få sett ned formuesverdien dersom du kan dokumentere at han overstig 96 prosent av marknadsverdien til bustaden. (For bustadverdi som er knytt til inntektsåret 2015, ligg tilsvarande maksgrense på 84 prosent av marknadsverdien til bustaden. Denne satsen er relevant for sekundærbustader som får utskrive eigedomsskatt i 2017).

Grunnlaget for nedsetjinga (takst o.l.) må skrive seg frå tida etter 1. juli i det inntektsåret som bustadverdien er knytt til.

Døme: For endring av formuesverdi ved innlevering av skattemelding for inntektsåret 2016, må du kunne dokumentere ein marknadsverdi på bustaden frå tida etter 1. juli 2016. Dersom kravet om nedsetjing av bustadverdi knyter seg til eit eigedomsskattevedtak frå inntektsåret 2017, må skattytaren som utgangspunkt kunne leggje fram dokumentasjon på marknadsverdien til bustaden frå tida etter 1. juli 2015).

Med dokumentasjon meiner vi mellom anna:

  • takst som er gitt av kvalifisert takstmann (du får ikkje frådrag for honorar til takstmann)
  • verdivurdering frå eigedomsmeklar som har kjennskap til distriktet
  • observerbar marknadsverdi (det den aktuelle bustaden eller ein tilnærma lik bustad i same område er seld for).

Ytterlegare dokumentasjon skal du berre sende inn dersom vi ber om det.

Når kan du krevje å få sett ned formuesverdien?

1. Ved endring av skattekort
Dersom du meiner at den estimerte formuesverdien er feil og at dette er viktig for skattetrekket for inntektsåret 2017, kan du endre og bestille nytt skattekort. Gi opp den formuesverdien du meiner er rett. Formuesverdien for primærbustader skal ikkje utgjere meir enn 30 prosent av bustaden sin marknadsverdi. Formuesverdien for ein sekundærbustad skal for inntektsåret 2017 ikkje overstige bustadens reelle marknadsverdi (for inntektsåret 2016 skulle formuesverdien ikkje overstige bustadens marknadsverdi). Du må kunne dokumentere marknadsverdien på førespurnad frå Skatteetaten.

2. Ved endring av skattemeldinga
Du kan krevje å få nedsatt formuesverdien ved levering av skattemeldinga. Ved nedsetjinga må du oppgi marknadsverdien til bustaden. For primærbustad skal påstand om ny formuesverdi utgjere 30 prosent av dokumentert marknadsverdi. For sekundærbustad skal formuesverdien utgjere 96 prosent (2016) av marknadsverdien (tilsvaande grenser for inntektsåra 2015 og 2017 utgjer høvesvis 84 og 100 prosent av bustadens marknadsverdi.

3. Ved klage på fasettingen av formues- og inntektsskatt
Du kan også krevje å få sett ned formuesverdien ved å klage på skatteoppgjeret. Du må gjere dette innan 6 månader etter at skatteoppgjeret blei sendt.

4. Ved klage over bustadverdien som er brukt i kommunal eigedomsskatt
Du kan også krevje å få sett ned formuesverdien ved å klage over eigedomsskattegrunnlaget når kommunen brukar bustadverdien som grunnlag for utskriving av eigedomsskatt. Dersom klaga over eigedomsskattekravet berre gjeld bustadverdien, skal ho rettast til skatteetaten.

Ved bruk av bustadverdiane som Skatteetaten fastset for eigedomsskattesaker, er det bustadverdien som blei fastsett ved fastsettingen av formues- og inntektsskatt året før eigedomsskatteåret, som er lagt til grunn.

Døme: Eigedomsskatt som er utskriven i 2017, er basert på bustadverdien lagt til grunn ved likninga av inntektsåret 2015.

Ei klage på bustadverdien i eit eigedomsskattevedtak, blir behandla på same måte som ei klage på formuesverdien gjennom ordinær klage på skatteoppgjeret.

For å vite korleis du går frem for å klage på eiendomsskatten, kan du sjå vår klageveiviser.

Om eg får formuesverdien redusert, må eg då klage på nytt kvart år?

For å unngå at du må krevje nedsetting av formuesverdien på nytt kvart år, gis det ved fastsettelsen i dei fem påfølgande inntektsåra eit forhaldsmessig frådrag i kvadratmetersatsen. Kvadratmetersatsen reduseres då med like mange prosentpoeng som du kunne dokumentere at formuesverdien oversteg maksimalgrensen med.

Et eksempel: Kan du dokumentere at formuesverdien utgjer 40 prosent av primærbustadens marknadsverdi, og formuesverdien difor blir satt ned til 30 prosent av marknadsverdien, skal kvadratmetersatsen for bustaden automatisk reduseres med 25 prosent dei neste 5 årene.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.