Nyttige definisjonar når det gjeld fastsetting av formuesverdi på bustader

  • Skriv ut

Primærrom (P-ROM)

Alle bustadeigarar skal ha sendt inn opplysningar om det primære arealet (P-ROM) på bustaden. Dersom eigaren ikkje har gjort det, kan vedkomande anten bruke skjemaet RF-1282 eller oppgi opplysningane i skattemeldinga. 

P-ROM er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes stove, kjøken, soverom, bad, vaskerom og entré. P-ROM må vere tilgjengelege via dør eller trapp. Garasje, uinnreidde kjellarrom/loft, bodar og andre oppbevaringsrom blir ikkje rekna som P-ROM. 

Dette blir rekna som P-ROM:

  • Vindfang, entré, trapperom 
  • Stove, kjellarstove, peisestove, TV-stove, loftsstove 
  • Kjøken 
  • Bad, dusjrom, toalettrom, vaskerom 
  • Soverom 
  • Arbeidsrom (heimekontor, PC-rom, medierom, bibliotek) 
  • Allrom, omkledingsrom, garderobe og leikerom 
  • Trimrom (må ha fastmontert utstyr, til dømes ribbeveggar) 
  • Innreidd hobbyrom (vevestove og liknande) 
  • Innreidd gang mellom P-ROM, trapp mellom P-ROM og gang inklusive trapp mellom rom som er nemnde over 

Dette blir ikkje rekna som P-ROM:

  • Garasje 
  • Fyrrom, søppelrom, teknisk rom 
  • Matkjellar, potetkjellar, uinnreidd kjellarrom 
  • Bodar, oppbevaringsrom, lagerrom, kott 
  • Uinnreidd loft 
  • Rom for kommunikasjon/gang (inklusive trapp) mellom rom som er nemnde over (uansett innreiing og kor mykje dei er påkosta)

Buareal (BOA)

Har du ikkje opplysningar om P-ROM, kan du oppgi BOA. BOA er arealet i hovuddelen av bustaden, det vil seie dei same romma som er definerte som P-ROM over. Andre delar av bustaden kan òg bli rekna som BOA, avhengig av materialbruken i romma, typisk bodar med tapet og parkett. Ofte utgjer P-ROM og BOA tilnærma like stort areal.

Einebustad

Ein einebustad er eit bustadbygg meint for eitt hushald, til dømes frittståande hus og villaer.

Småhus

Småhus er bustader som er fysisk bundne saman ved at det er minst éin felles vegg, eventuelt felles golv/tak med nabobustaden. Dette kan typisk vere rekkjehus og tomannsbustader. Einebustader i rekkje/kjede blir òg rekna som småhus.

Leilegheit

Ei leilegheit er ei bueining i ein bygning med minst to etasjar, tre bueiningar og felles inngang. Dette er typisk blokkleilegheiter og terrasseleilegheiter.

Byggjeår

Byggjeåret er det året bustaden blei ferdigstilt. Rehabilitering, oppussing og påbygging endrar ikkje byggjeåret.

Formuesskatt

Skatt som blir rekna av nettoformuen din.

Formuesverdi

Den verdien som eigedomen din skal førast opp med i skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.