Eg eig ein bygning med fleire bueiningar. Korleis reknar eg ut formuesverdien for eigedomen?

Er bygningen seksjonert, skal du rekne ut ein formuesverdi for kvar seksjon. Du kan sjølv rekne ut formuesverdien på bustadeigedomen din ved å bruke bustadkalkulatoren.

Har bustadeigedomen 1, 2, 3 eller 4 useksjonerte bueiningar, skal du gi opp heile arealet på primærromma (P-ROM) i bustadeigedomen, alternativt buarealet (BOA), i bustadkalkulatoren. Bruker du sjølv ein av bueiningane, skal du krysse av for primærbustad i kalkulatoren. I feltet P-ROM/bustadareal i skattemeldinga gir du opp det samla arealet for alle bueiningane.

Har bustaden 5 eller fleire useksjonerte bueiningar, må du først rekne ut verdien for kvar enkelt bueining i bustaden ved hjelp av bustadkalkulatoren. Bruker du sjølv ei av bueiningane i fleirbustadbygningen som fast bustad, kryssar du av for primærbustad når du reknar ut verdien for denne bueininga. For dei andre bueiningane i bustaden kryssar du av for sekundærbustad. Formuesverdien utgjer summen av den utrekna verdien for alle bueiningane i bustaden. I feltet P-ROM/bustadareal i skattemeldinga gir du opp det samla arealet for alle bueiningane.