Må eg skatte av inntekter frå utleige av annan bustad enn den eg bur i?

Inntekt ved utleige av bustad er skattepliktig inntekt, unnateke når

  • eigaren bruker minst halvparten av bustaden til eigen bruk, rekna etter utleigeverdien 
  • heile eller ein større del av bustaden blir leigd ut for inntil 20 000 kroner i inntektsåret

Du kan få frådrag for driftskostnader som knyter seg til den utleigde eigedomen.