Dersom eg får formuesverdien redusert, må eg då klage på nytt kvart år?

Sjølv om den sjablongmessige formuesverdien er sett ned fordi han overstig maksimalgrensa (for inntektsåret 2016 skal formuesverdien ikkje overstige 30 eller 96 prosent av bustadens marknadsverdi for høvesvis primær- og sekundærbustad), skal i utgangspunktet formuesverdien reknast ut etter bustadsjablongen også for dei neste inntektsåra. 

For å unngå at du skal måtte krevje å få sett ned formuesverdien på nytt kvart år, blir det ved fastsettinga av formues- og inntektsskatt dei fem neste inntektsåra gitt eit forholdsmessig frådrag i kvadratmetersatsen. Kvadratmetersatsen blir då redusert med like mange prosentpoeng som du kunne dokumentere at formuesverdien oversteig maksimalgrensa med. 

Døme:

Dersom du kan dokumentere at formuesverdien utgjer 40 prosent av marknadsverdien til primærbustaden og likningsverdien derfor blir sett ned til 30 prosent av marknadsverdien, skal kvadratmetersatsen for bustaden automatisk reduserast med 25 prosent dei neste fem åra.