Det er oppført feil eigardel på bustaden min. Korleis kan eg rette dette?

Endring av eigardel gjer du i skattemeldinga. Dersom du leverer skattemeldinga på papir, skal du gi opplysning om annan eigardel i post 5.0 Tilleggsopplysningar. 

Leverer du skattemeldinga elektronisk, må du hugse å krysse av i årsaksfeltet for feil eigardel. Hugs at dette fører til at andre eigarar òg må endre i skattemeldinga. Endring av eigardel må kunne dokumenterast.