Eg eig ein bygning med 4 bueiningar og 2 brukseiningar som er lagde til rette for næringsverksemd. Korleis reknar eg ut formuesverdien for eigedomen?

Er bygningen seksjonert, skal det fastsetjas ein formuesverdi for kvar seksjon. Du kan sjølv rekne ut formuesverdien for bueiningar ved å bruke bustadskalkulatoren.

For useksjonert bygning, skal det fastsetjast éin samla formuesverdi for eigedomen. Eigedomen skal verdsetjast som bustadeigedom dersom meir enn halvparten av alt bruksarealet i bygningen tilhøyrer bustaddelen, medrekna eventuelle sekundærrom i bustaddelen som kott, bodar, garasje m.m. Dersom ikkje meir enn 50 % av bruksarealet tilhøyrer bustaddelen, skal eigedomen verdsetjast etter reglane for næringseigedom, og du skal levere RF-1098 Formue av næringseigedom som vedlegg til skattemeldinga.

Dersom eigedomen skal verdsetjast etter reglane for bustadeigedomar, kan du rekne ut formuesverdien for bustadeigedomen ved å bruke bustadkalkulatoren. Du skal gi opp heile arealet på primærromma (P-ROM) i bustadeigedomen, alternativt buarealet (BOA), i bustadkalkulatoren. Bruker du sjølv ein av bueiningane, skal du krysse av for primærbustad i kalkulatoren.

Næringsarealet inngår ikkje i grunnlaget for verdsetjing av bustadeigedomen.