Eg meiner at eigedomen min er ein fritidsbustad, ikkje ein sekundærbustad. Kvifor er det ikkje teke omsyn til dette?

Om eigedomen skal formuesverdsetjast som bustad eller ikkje, avheng av om eigedomen er eigna til heilårsbustad. Skatteetaten tek utgangspunkt i om bustaden er registrert som heilårsbustad i det sentrale eigedomsregisteret (matrikkelen) i landet. Kva du bruker eigedomen til, er ikkje avgjerande.

Dersom du kan gi opplysningar som tilseier at eigedomen ikkje lenger er eigna til heilårsbustad, skal eigedomen formuesfastsettes som fritidseigedom. Døme på kva moment det blir teke omsyn til, er standarden på bustaden, vass- og avløpsforhold og tilkomstmoglegheiter til eigedomen. 

Dersom du gir opplysningar om at eigedomen anten ikkje har innlagt vatn, straum eller vassklosett, kjem Skatteetaten til å leggje til grunn at eigedomen er ein fritidseigedom. Du må kunne dokumentere/sannsynleggjere desse opplysningane ved førespurnad frå skattekontoret.