Korleis måler eg opp P-ROM?

Du treng berre å måle opp P-ROM dersom du ikkje allereie har opplysningar om P-ROM eller buareal (BOA). Når du rapporterer inn arealopplysningar, skal talet på kvadratmeter rundast av til heile kvadratmeter, til dømes 285,75 kvadratmeter= 285 kvadratmeter.

P-ROM måler du til innsida av omsluttande veggar for primærdelen av bustaden. Du skal ta med innvendige veggar mellom primærromma. Takhøgda må vere minst 1,9 m og breidda minst 60 cm. For delar med skråtak skal du likevel ta med arealet inntil 60 cm utanfor høgda på 1,9 m i målinga, dvs. omliggjande areal der høgda er lågare enn 1,9 m.

Boligverdi

P-Rom

Slik måler du P-ROM

Slik måler du rom med skråtak