Kva er forskjellen på primær- og sekundærbustad?

Den bustaden der du har heimen din ved utgangen av inntektsåret, er primærbustaden din. Ein tek utgangspunkt i den folkeregistrerte adressa di per 1. januar i skattfastsettingsåret (året etter inntektsåret). Er registreringa feil, skal ein gå ut frå bustaden der du skulle ha vore registrert. Du kan berre eige ein primærbustad. Alle andre bustader du eventuelt eig – til dømes ein pendlarbustad eller utleigebustad – er sekundærbustader.

Under føresetnad av at du ikkje eig nokon annan primærbustad, kan ein bustad unnataksvis reknast som primærbustad sjølv om du ikkje hadde heimen din der ved utgangen av året. Dette gjeld dersom du kan sannsynleggjere/dokumentere at:

  • du ikkje bruker bustaden som heim på grunn av forhold du ikkje rår over, til dømes på grunn av alder, helse, utstasjonering/beordring med meir og at
  • du ikkje har leigd ut nokon del av bustaden i det aktuelle tidsrommet Med utleige meiner vi i denne samanhengen òg tilfelle der du lèt andre, også nære slektningar, bruke bustaden vederlagsfritt når desse heilt eller delvis dekkjer driftsutgiftene. Dersom nære slektningar derimot bruker bustaden vederlagsfritt og du dekkjer alle driftsutgiftene, blir bustaden framleis rekna som din primærbustad.