Formuesverdien på bustaden er i skattemeldinga fordelt med ein halvpart på meg og ein halvpart på ektefellen min. Kan eg endre dette?

Formuesverdien blir førehandsutfylt i skattemeldinga i høve til eigardel. Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan fritt velje ei anna fordeling. 

Dersom de ønskjer at bustaden berre skal stå på deg, fører du heile formuesverdien i di skattemelding og stryk halvparten av formuesverdien hos ektefellen din. 

Leverer de skattemelding elektronisk, må de hugse på å krysse av i årsaksfeltet for fordeling av formuesverdi mellom ektefellar.