Kvifor endrar den utrekna likningsverdien seg når eg endrar frå «primærbustad» til «sekundærbustad»? Det er same bustad, sjølv om eg bruker han annleis.

Den utrekna formuesverdien endrar seg fordi formuesverdien på sekundærbustader settes til ein høgare prosentandel av ein utrekna markedsverdi enn det som gjeld for primærbustader. Det vil si at same bustad vil oppleve å få høgare formuesverdi som sekundærbustad enn som primærbustad. For meir informasjon om korleis formuesverdi fastsettes, sjå her.

Likningsverdien for ein primærbustad utgjer 25 prosent (2016 og 2017) av utrekna marknadsverdi for bustaden. For ein sekundærbustad utgjer formuessverdien 80 prosent (2016) eller 90 prosent (2017) av den utrekna marknadsverdien for bustaden.

Døme - for inntektsåret 2016:

Ein bustadeigedom har ein utrekna marknadsverdi på kroner 3 000 000.

  1. Dersom eigaren var fast busett i bustaden ved utgangen av inntektsåret, blir bustaden verdsett som primærbustad. Formuesverdien blir då kroner 750 000 (25 prosent av 3 000 000).
  2. Dersom eigaren ikkje var fast busett i bustaden ved utgangen av inntektsåret, blir bustaden verdsett som sekundærbustad. Formuesverdien blir då kroner 2 700 000 (90 prosent av 3 000 000).