Frådrag for kostnader til utleige av fast eigedom

  • Skriv ut

Dersom du betaler skatt av leigeinntektene dine (regnskapsbehandling), får du frådrag for kostnader knyttet til utleigebustaden (inntektskjelden), eksempelvis kostnader til vedlikehald, kommunale avgifter og forsikringer.

Du må levere utleigeskjema RF-1189 saman med skattemeldinga, der du spesifiserer inntekter og utgifter knytte til bustaden. Du finn skjemaet integrert i den elektroniske skattemeldinga.

Slik fører du det i skattemeldinga

Post 2.8.2 for overskot, post 3.3.12 for underskot. Dersom du fyller ut sjølvmeldinga elektronisk, hamnar eit eventuelt underskot automatisk i rett post.

Dersom du bur i bustaden sjølv, får du ikkje frådrag for kostnader som knyter seg til din del av bustaden.

Dersom du har brukt bustaden som eigen bustad ein del av året, får du berre frådrag for kostnader for den perioden som bustaden var utleigd eller inntektsgivande i.

Dersom du har kostnader som ikkje knyter seg til nokon bestemd del av bustaden, må desse kostnadene fordelast forholdsmessig etter utleigeverdi mellom den delen av bustaden du leiger ut, og den delen av bustaden du bur i sjølv. Les meir i skatt ved utleige av bustad og fritidseigedom.

Vedlikehaldskostnader

Du får frådrag til kostnader til vedlikehald, altså arbeid for å halde eigedomen i den standen han var i som ny. Ved endring av fastsettingsmåte (frå fritaksbehandling til regnskapsbehandling) gjeld spesielle regler om begrensning av frådrag for vedlikehaldskostnader, les meir om dette her.

Frådrag for vedlikehaldskostnader skal baserast på dei faktiske kostnadene. Dette omfattar òg leige av utstyr til bruk under vedlikehaldsarbeidet. Kostnader til å sette eigedomen i ein bedre stand eller til ein annan stand enn den tidligare har vært, såkalla påkostningar, gir ikkje rett til frådrag. Til dømes tilbygg, modernisering eller reine endringar. Fleire eksemplar på  vedlikehaldskostnader.

Reiseutgifter pga. utleige

Reiser knytte til visingar, vedlikehald og tilsyn gir rett til frådrag. Satsen er 3,80 kroner per kilometer. Dersom reiseaktiviteten utgjer meir enn 10 dagar i året og du ikkje overnattar på reisa/reisene, blir desse reisene rekna som arbeidsreiser, og satsen utgjer då 1,50 kroner per kilometer.

Når er utleigeinntekter skattefrie?

Utleigeinntekter frå einmannsbustad og tomannsbustad er skattefrie (fritaksbehandling) når eigaren bruker minst halvparten av bustaden til eigen bruk rekna etter utleigeverdien, eller når heile eller ein større del av bustaden blir leigd ut for inntil 20 000 kroner i inntektsåret. Utleigeinntekter frå fleirmannsbustader er alltid skattepliktige.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.