Skatt på utleige

  • Skriv ut

Dersom du leiger ut heile eller ein større del av bustaden din og utleigeinntektene overstig 20 000 kroner, blir alle utleigeinntektene frå bustaden i løpet av året skattepliktige og du må levere RF-1189 - Utleige mv.av fast eigedom, saman med skattemeldinga. Dette innebærer at også eventuelle leigeinntektar som skriv seg frå ei periode kor bustaden er utleigd i mindre omfang, er skattepliktige.

Med «større del» meiner vi at utleigeverdien av den delen du leiger ut, er høgare enn utleigeverdien av den delen du sjølv bruker til eigen bustad.

Når det skal vurderast om beløpsgrensa for skatteplikt på 20 000 kroner er overskriden eller ikkje, er det berre dei utleigeinntektene du får ved utleige av heile eller ein større del av bustaden som skal reknast med. 

Skattemeldinga

Dersom utleigeinntektene er skattepliktige, skal bustaden rekneskapsbehandles for heile året, og du får frådrag for dei driftsutgiftene som knyter seg til den utleigde delen av bustaden. Du må fylle ut utleigeskjemaet RF-1189-Utleige mv. av fast eigedom, saman med skattemeldinga. Du finn skjemaet integrert i den elektroniske leveringsløysinga.

Slik fører du det i skattemeldinga:

  • Post 2.8.2 for overskot, post 3.3.12 for underskot. 
  • Dersom du fyller ut skattemeldinga elektronisk, hamnar eit eventuelt overskot og underskot automatisk i rett post. 
  • Post 2.8.5 skal brukast til overskot ved bustad i utlandet.

Dersom du bur i bustaden sjølv, får du ikkje frådrag for kostnader som knyter seg til din del av bustaden.

Dersom du har brukt bustaden som eigen bustad ein del av året, får du berre frådrag for kostnader for den perioden som bustaden var utleigd eller inntektsgivande i. 

Dersom du har kostnader som ikkje knyter seg til nokon bestemd del av bustaden, må desse kostnadene fordelast forholdsmessig etter utleigeverdi mellom den delen av bustaden du leiger ut, og den delen av bustaden du bur i sjølv.

Dersom du bruker minst halvparten av bustaden til eigen bruk, er utleigeinntektene skattefrie.

Du får ikkje frådrag for vedlikehaldskostnader som knyter seg til ein bustadeigedom der du har skattefrie leigeinntekter.

Les meir

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.