Formuesskatt på festetomter for bustad og fritidshus

  • Skriv ut

Alle festarar av bustad- og fritidstomter har ein absolutt rett til å krevje å få forlengja festekontrakten. Dette fører til at alle festeforhold for bustad- og fritidstomter blir rekna som tidsuavgrensa (stetsevarige) rettar. 

Det er eigne skattereglar for slike festetilhøve. Desse reglane gjeld òg for bustadsameigarar og partshavarar i bustadselskap med bygning/bygningar på festa grunn.

Festetomter til bustadhus

Verdien av festetomta inngår i formuesverdiane for bustadeigedomar. Du har krav på å få gjeldsfrådrag for den kapitaliserte plikta til å betale festeavgift.

Festetomter til fritidshus

Som festar skal du formuesskattleggjast som om du var eigar av tomta. Verdien av tomta skal derfor inngå som ein del av formuesverdien knytt til bygningen/bygningane. Formuesverdien av eigedomen (inkludert tomta) skal førast i post 4.3.3 i skattemeldinga.

Dersom tillegget for tomta ikkje har kome med i den førehandsutfylte formuesverdien for 2015, må du auke det førehandsutfylte beløpet med det sjablongmessige formuestillegget for tomta i post 4.3.3. i skattemeldinga.

Tillegget for tomta blei i 2008 sjablongmessig sett til 10 gonger den årlege festeavgifta for 2008. Det har vært ei generell auke av formuesverdiane  på fritidseigedom med 40 prosent i perioden frå 2009-2015. Det vil seie at tillegget i 2015 vil utgjere 14,64 gonger den årlege festeavgifta for 2008. Ettersom ligningsverdien for fritidseigedom ikkje skal justerast generelt verken for inntektsåra 2015 og 2016, vil tillegget i 2015 og 2016 utgjere det same som tillegget for 2014.

Du har krav på gjeldsfrådrag på grunn av plikta til å betale festeavgift (kapitalisert festeavgift). For 2015 utgjer gjeldsfrådraget 10 gonger den årlege festeavgifta. Dersom festeavgifta er endra i løpet av året, bruker du den som gjeld ved utgangen av 2015. Gjeldsfrådraget skal du føre i post 4.8.1 i skattemeldinga.

Døme:

formuesverdien på bygningen/bygningane er oppført i skattemeldinga med 200 000 kroner. Festeavgifta var i 2008 på 15 000 kroner. formuesverdien på eigedomen blir då opphavleg formuesverdi (200 000 kroner) pluss det sjablongmessige tillegget for tomta (15 000 x 14,64 = 219 600 kroner), dvs. 419 600 kroner. Du fører dermed opp 419 600 kroner som formuesverdi i post 4.3.3. Samtidig har du krav på gjeldsfrådrag for den kapitaliserte plikta til å betale festeavgift. Dersom festeavgifta for 2015 var på 20 000 kroner, skal du føre 200 000 kroner til frådrag i post 4.8.1.

Bustadsameigarar

For bustadsameigarar med fritidsbustad i bygning/bygningar på festa grunn skal gjeldsfrådraget vere rett førehandsutfylt dersom bustadsameiget har sendt likningsoppgåver til likningsstyresmaktene. Sjå post 4.8.1 i skattemeldinga. Den enkelte sameigaren må sjølv auke formuesverdien i post 4.3.3. etter retningslinjene over. Opplysningar om din del av festeavgifta for 2008 får du frå bustadsameiget. 

Partshavarar i burettslag

For partshavarar i bustadselskap med fritidsbustad i bygning/bygningar på festa grunn skal gjeldsfrådraget og formuesverdien vere rett førehandsutfylt, ettersom bustadselskapet skal gjere utrekningane som er nemnde over. Sjå oppgåva frå selskapet og post 4.3.3 og 4.8.1.

For høg formuesverdi

Dersom tillegget for tomta fører til at formuesverdien på eigedomen vesentleg overstig takstnivået for eigedomar som han kan samanliknast med elles i kommunen, eller 30 prosent av marknadsverdien på eigedomen, kan du krevje at han blir sett ned. Sjå meir om om korleis du krev nedsetting.

Bortfestarar

Bortfestar skal ikkje formuesskattleggjast for verdien på den bortfeste tomta. Bortfestar er i staden pliktig å betale formuesskatt for retten til å krevje festeavgift, dvs. ein kapitalisert verdi av festeavgifta. For 2015 utgjer beløpet 10 gonger den årlege festeavgifta. Dersom festeavgifta er endra i løpet av året, bruker du den festeavgifta som gjeld ved utgangen av året. Bortfestar skal føre den kapitaliserte verdien av festeavgifta i post 4.5.4 i skattemeldinga.

Bortfestarar som ikkje har ført opp kapitalisert festeavgift som ein eigen formuepost i skattemeldinga, må gjere dette. Samtidig skal dei redusere den førehandsutfylte formuesverdien på eigedomen i post 4.3.5 i skattemeldinga slik at verdien på den bortfesta tomta ikkje lenger inngår i formuesverdien. Dersom heile eigedomen er bortfesta, skal heile formuesverdien strykast. Dersom berre ein del av eigedomen er bortfesta, skal formuesverdien reduserast i høve til kor stor del det er snakk om.

I så fall skal formuesverdien reduserast slik:

Dersom det tidlegare er fastsett ein formuesverdi på den bortfesta tomta, men slik at denne formuesverdien er inkludert i den totale formuesverdien på eigedomen, skal du trekkje ut formuesverdien på den bortfesta tomta. Den verdien du trekkjer ut må vere forholdsmessig, slik at det blir teke omsyn til eventuelle prosentvise justeringar av formuesverdiane i åra etter fastsetjinga. Dersom verdien av det bortfesta arealet utgjorde 20 % av formuesverdien på heile eigedomen den gongen fastsetjinga blei gjort, skal reduksjonen vere 20 % av formuesverdien på eigedomen for inntektsåret 2015.

Dersom formuesverdien (formuesverdien) på den bortfesta tomta ikkje er fastsett særskilt og tidlegare, skal du redusere den totale formuesverdien på eigedomen med den kapitaliserte verdien av festeavgifta for den bortfesta tomta. Dersom reduksjonen etter dette punktet fører til at formuesverdien på den attståande (ikkje bortfesta) delen av eigedomen blir lågare enn tilsvarande eigedomar, må du føre opp ein ny formuesverdi som samsvarer med tilsvarande eigedomar, og som ikkje overstig 80 prosent av den dokumenterbare marknadsverdien. Opplys om endringa i post 5.0 (Tilleggsopplysningar) i skattemeldinga. Skattekontoret kan setje ein ny formuesverdi.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.