• Skriv ut
  • Bustaden har ein marknadsverdi over 100 000 kroner

Dette må du gjere:

Før opp fritidsbustaden i skattemeldinga

  1. Set deg inn i korleis du reknar ut formuesverdi av fritidsbustad. Formuesverdi for fast eigedom i utlandet skal fastsetjast etter norske reglar.

    For eigedomar som ikkje tidlegare har fått fastsett ein formuesverdi etter norske reglar, skal formuesverdien setjast til maksimalt 30 prosent av marknadsverdien i utlandet. Ein eventuell formuesverdi fastsett av utanlandske skattestyresmakter skal ikkje leggjast til grunn.
  2. Registrer informasjon om fritidsbustaden i post 4.6.1 i skattemeldinga. Kva slags informasjon som må registrerast, finn du under punktet "Fast eigedom i utlandet".
  3. Registrer marknadsverdien til fritidsbustaden i post 1.5.3 i skattemeldinga.

Finn ut om du betaler formuesskatt til to land

Formuesskatt i Noreg: Du skal betale formuesskatt i Noreg dersom du har nettoformue over ein viss verdi. Formuesverdien av fritidsbustad i utlandet skal reknast med for å finne nettoformuen din.

Det er ulike satsar for formuesskatt  alt etter kva skatteklasse du har og kor stor nettoformue du har.

Formuesskatt i utlandet: Dei fleste land, til dømes Sverige, Danmark og Italia, har ikkje formueskatt. Spania og Frankrike har formuesskatt, men med andre beløpsgrenser enn i Noreg.

Dersom du har betalt formuesskatt til eit anna land i tillegg til Noreg, kan du ha krav på frådrag i den norske formuesskatten.

Eg betaler formuesskatt til to land og vil krevje frådrag

Dersom du meiner du har krav på frådrag i formuesskatten i Noreg, må du:

  • Merke av for "Ja" i post 1.5.6 for kreditfrådrag i skattemeldinga.
  • Levere skjemaet RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag saman med skattemeldinga.
  • Dokumentere betalt skatt i utlandet. Dokumentasjonen må vere frå skattestyresmaktene i landet det gjeld, og vise
    • kva for inntektsår skatten gjeld
    • at skatten er endeleg fastsett, ikkje berre førebels  utrekna
    • at skatten er betalt
    • at det er formuesskatt (og ikkje til dømes skatt på inntekt) du har betalt

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Du skal laste opp dokumentasjonen som eit vedlegg til skattemeldinga.

Du kan ikkje krevje frådrag i norsk skatt for utanlandsk eigedomsskatt

Døme på utanlandske skattar som ikkje gir rett til frådrag 

(Lista er ikkje uttømmande)

  • Kommunal fastighetsavgift (Sverige)
  • Ejendomsværdiskat (Danmark)
  • Council Tax (Storbritannia)
  • Taxe Foncière (Frankrike)
  • Taxe d’habitation (Frankrike)
  • Taxe Professionelle (Frankrike)
  • Impuesto Bienes Inmuebles (IBI) (Spania)
  • Renta de no Residentes (Spania)
  • Internskatten som er betalt til EU etter EUs Protocol on the Privileges and Immunities of the European Communities artikkel 12 (tidlegare art. 13) av ein person tilsett i EU-kommisjonen.

Endre skattekort?

Når du arvar ein fritidsbustad kan det påverke grunnlaget for skattekortet ditt, til dømes endring i formue, gjeld og gjeldsrenter. Dersom du tidlegare ikkje har oppdatert skattekortet ditt med desse endringane, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.

Har du òg leigd ut bustaden?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.