• Skriv ut
  • 1 Eg har berre leigd ut bustaden

Dette må du gjere:

Du må registrere inntekta i skattemeldinga

Sjølv om du har betalt skatt av inntekta i utlandet, må du òg oppgi inntekta i Noreg.

  1. Fyll ut skjema RF-1189 – Utleige o.a. av fast eigedom.
  2. Merk av for "Ja" i post 1.5.6 for inntekt i utlandet i skattemeldinga
  3. Fyll ut post 2.8.5 i skattemeldinga. I posten fører du summen frå rubrikken Nettoinntekt nedst i skjema RF-1189. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.8.5 automatisk overført frå skjema RF-1189.

Du må syte for at dette er registrert i skattemeldinga kvart år du har leigeinntekt på fritidsbustaden.

Hugs at du òg må registrere bustaden i skattemeldinga. Korleis du skal registrere bustaden kjem an på om du har kjøpt, arva/overteke eller selt bustaden.

Det blir ikkje dobbel skatt

Du skal ikkje betale dobbel skatt sjølv om du oppgir inntekta i Noreg.

Noreg har avtalar med ulike land som avgjer kvar inntekta skal skattleggjast. Dersom eigedomen ligg i eit av landa på denne lista, skal inntekta ikkje skattleggjast i Noreg. Dersom landet du har fritidsbustad i ikkje står på lista, kan du krevje frådrag i norsk skatt for skatten du har betalt i utlandet.

Dersom du meiner du har krav på frådrag i Noreg, må du:

  • Merke av for "Ja" i post 1.5.6 for kreditfrådrag i skattemeldinga.
  • Levere skjemaet RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag saman med skattemeldinga.
  • Dokumentere betalt skatt i utlandet. Dokumentasjonen må vere frå skattestyresmaktene i landet det gjeld, og vise
    • kva for inntektsår skatten gjeld
    • at skatten er endeleg fastsett, ikkje berre førebels  utrekna
    • at skatten er betalt
    • at det er inntektsskatt (og ikkje til dømes skatt på formue) du har betalt

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Dokumentasjonen skal du leggje ved skattemeldinga.

Endre skattekort?

Dersom du tidlegare ikkje har oppdatert skattekortet ditt med leigeinntektene, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.