• Skriv ut
  • 1 Eg har bare leigd ut bustaden

Dette må du gjere:

Du må registrere inntekta i sjølvmeldinga

Sjølv om fritidsbustaden ligg i utlandet, må du føre opp leigeinntektene i Noreg.

  • Fyll ut skjema RF-1189 – Utleige o.a. av fast eigedom
  • Merk av for "Ja" i post 1.5.6 for inntekt i utlandet i sjølvmeldinga
  • Fyll ut post 2.8.5 i sjølvmeldinga. I posten fører du summen frå rubrikken Nettoinntekt nedst i skjema RF-1189. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.8.5 automatisk overført frå skjema RF-1189.

Du må syte for at dette er registrert i sjølvmeldinga kvart år du har leigeinntekt på fritidsbustaden.

Hugs at du òg må registrere bustaden i sjølvmeldinga. Korleis du skal registrere bustaden kjem an på om du har kjøpt, arva/overteke eller selt bustaden.

Endre skattekort?

Dersom du tidlegare ikkje har oppdatert skattekortet ditt med leigeinntektene, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.