• Skriv ut
  • Jeg har betalt skatt av gevinsten i utlandet

Dette må du gjere:

Fjern fritidsbustaden frå skattemeldinga

Ettersom du har selt fritidsbustaden, må du fjerne han frå skattemeldinga. Dette gjer du ved å setje formuesverdien for fritidsbustaden til 0 i post 4.6.1.

Registrer gevinsten av salet i skattemeldinga dersom han er skattepliktig i Noreg

Gevinst ved sal av fritidsbustad er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg, også når fritidsbustaden ligg i utlandet. I somme tilfelle kan gevinsten likevel vere skattefri.

Dersom gevinsten er skattepliktig i Noreg må du:

Registrere gevinsten av salet i post 3.1.11 i skattemeldinga.

Gevinsten må oppgis i norske kroner. Dersom du må regne om frå utenlandsk valuta må inngangsverdien og utgangsverdien til fritidsbustaden vert rekna om kvar for seg, før sjølve gevinsten vert beregna. Du kan velge mellom å benytte valutakursen på transaksjonstidspunktet eller årsgjennomsnittet. Med årsgjennomsnitt i denne forbindelse meiner vi årsgjennomsnittet til valutakursen for det år fritidsbustaden vert kjøpt (ved omregning av inngangsverdien) og for det år fritidsbustaden vert solgt (ved omregning av utgangsverdien).
Valutakurser finn du på www.norges-bank.no.

Ta vare på dokumentasjon

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon på utrekninga gevinsten i skattemeldinga, men du må kunne vise oss dette dersom vi ber deg om det seinare. Dokumentasjonen du må kunne vise, er

  • kjøpekontrakt
  • salskontrakt
  • eventuell dokumentasjon for påkostnad av fritidsbustaden
  • eventuell dokumentasjon for andre kostnader knytte til fritidsbustaden (til dømes meklarkostnader)

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Det blir ikkje dobbel skatt

Noreg har avtalar med ulike land som avgjer kvar gevinst ved sal av bustader skal skattleggjast. Dersom eigedomen ligg i eit av landa på denne lista, skal gevinsten ikkje skattleggjast i Noreg. Dersom landet du har fritidsbustad i ikkje står på lista, kan du krevje frådrag i norsk skatt for skatten du har betalt i utlandet.

Dersom du meiner du har krav på frådrag, må du:

  • Merke av for i post 1.5.6 for kreditfrådrag i skattemeldinga.
  • Levere skjemaet RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag saman med skattemeldinga.
  • Dokumentere betalt skatt i utlandet. Dokumentasjonen må vere frå skattestyresmaktene i landet det gjeld, og vise
    • kva for inntektsår skatten gjeld
    • at skatten er endeleg fastsett, ikkje berre førebels  utrekna
    • at skatten er betalt
    • at det er skatt på gevinsten (og ikkje til dømes skatt på formue) du har betalt

Skatteetaten kan krevje at dokumentasjon på andre språk enn nordisk skal omsetjast til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Dokumentasjonen skal du leggje ved skattemeldinga.

Endre skattekort?

Når du sel ein fritidsbustad kan det påverke grunnlaget for skattekortet ditt (formue, gjeld og gjeldsrenter). Dersom du tidlegare ikkje har informert oss om desse endringane når du har søkt om skattekort, bør du vurdere å endre skattekortet ditt.

Har du òg leigd ut bustaden?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.