Skiljet mellom vedlikehald og påkostnad knytt til bustad- eller fritidseigedom

  • Skriv ut

Påkostnader på eigedomen aukar inngangsverdien og reduserer skattepliktig gevinst / aukar frådragsgivande tap. Dette får berre innverknad ved sal av bustad/fritidseigedom. Dersom vilkåra for skattefritt sal av bustad/fritidseigedom blir oppfylte, får ikkje skattytaren gjere seg nytte av kostnadene som er knytt til påkostnadsarbeid. Vedlikehaldskostnader påverkar ikkje utrekninga av skattepliktig gevinst/tap, men kan i staden redusere skattepliktig leigeinntekt for inntektsåret som kostnaden er pådrege.

Meir informasjon om skattereglane ved utleige av bustad/fritidseigedom finn du her.

Spørsmålet om det finst ein kostnad knytt til vedlikehalds- eller påkostnadsarbeid, må stadfestast ved ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.

Påkostnad

Det vi reknar som påkostnad, er arbeid som set eigedomen i ein annan eller betre stand enn han tidlegare har vore i. Dette gjeld sjølv om endringa ikkje inneber ei utbetring av standard eller ein verdiauke.

Døme på påkostnader:

  • Riving og flytting av ein vegg for å få større rom
  • Førstegongs måling av hus
  • Førstegongs isolering, t.d. ved innblåsing av mineralull i veggene på eit eldre hus
  • Dersom ein skiftar ut eit tolagsvindauge med eit trelagsvindauge, reknar ein at kostnaden utover det eit tolagsvindauge kostar, er ein påkostnad
  • Dersom ein flyttar badet til eit anna rom i huset, er meirkostnaden for dette i utgangspunktet ein påkostnad. Derimot vil arbeid knytt til eit tenkt vedlikehald på det gamle badet, bli rekna som vedlikehaldskostnader.
  • Utviding av det elektriske anlegget
  • Ein del av utskiftingskostnadene som er knytt til skifte frå vedomn til pelletsomn. Meirkostnaden ved kjøp og installasjon av pelletsomn blir rekna som ein påkostnad.
  • Utskifting til større varmtvassbehalder. Meirkostnaden ved kjøp og ev. installasjon av større varmtvassbehaldar blir rekna som ein påkostnad.
  • Utviding av røyropplegg

Vedlikehald

Vedlikehald, medrekna reparasjon, er arbeid som blir utført for å bringe eigedomen tilbake til den standen som han tidlegare har vore i. Dersom ein skiftar ut eldre delar med nye som etter dagens nivå svarer til same standard (låg, middels eller høg) som formuesobjektet har vore i tidlegare, skal heile kostnaden reknast som vedlikehald. Føresetnaden er at den eldre delen trengte utskifting.

Døme på vedlikehald:

  • Seinare måling av huset
  • Utskifting av golv, panel på veggar innvendig og utvendig, dører, vindauge til same standard som tidlegare
  • Sliping av parkett
  • Reparasjon til same standard som tidlegare
  • Utskifting av varmtvassbehaldar med tilsvarande storleik
  • Montering av badekar, blandebatteri, kraner, skjermvegg og dusjutstyr er vedlikehald dersom det var badekar, skjermvegg osv. der tidlegare
  • Utskifting av røyropplegg
  • Dersom ein flyttar badet til eit anna rom i huset, er dette ein påkostnad. Behovet for utskiftingar på det gamle badet til same standard som tidlegare, blir rekna som vedlikehald.
  • Utskifting av kjøkkeninnreiing som har normal standard i dag, der det tidlegare var ei kjøkkeninnreiing av normal standard.

Dersom bustaden tidlegare har hatt normal standard og no blir oppgradert til høg standard, blir differansen mellom normal og høg standard rekna som ein påkostnad. Berre differansen, ikkje heile kostnaden, skal leggjast til inngangsverdien. Når ein avgjer om det har skjedd ei utbetring, må ein ta omsyn til utviklinga som har skjedd i materialbruk o.a. sidan gjenstanden var ny.

Arbeidskostnadene i samband med oppgraderinga av bustaden, må fordelast med utgangspunkt i om det utførte arbeidet er vedlikehald eller påkostnad.

Eige arbeid på eigedomen knytt til påkostnad.

Inngangsverdien aukar for verdi av eige arbeid knytt til påkostnad på bustad eller fritidsbustad i den perioden ein sjølv bur i bustaden eller bruker fritidsbustaden, og arbeidet blir utført i normal ferie eller fritid.

Verdien på eit slikt arbeid kan då setjast til det som kostnaden ville blitt ved å leige inn andre til å utføre arbeidet. Dersom du som har utført arbeidet, ikkje er faglært handverkar, slik det vil vere i dei fleste tilfelle, må kostnaden bli sett til prisen for leige av ikkje-faglærte personar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.