Fordele inntekt, kostnader og formue

  • Skriv ut

Ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan velje korleis dei vil fordele enkelte inntekts- og frådragspostar i skattemeldinga mellom seg.

I hovudsaka er det kapitalinntekter og kapitalkostnader, til dømes renter, som ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan fordele fritt mellom seg i tillegg til formuen og gjelda. Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige, blir fastsatt kvar for seg når det gjeld inntekter og formue og kan ikkje fordele inntekter og frådrag som nemnt her.

Fordelinga verkar normalt ikkje inn på den samla skatten for paret, men ho verkar inn på kven av dei som skal skattleggjast for formuen og inntekta eller få frådrag for kostnaden.

I tilfelle der den eine har låg inntekt, kan det vere fordelaktig for ektefellane m.m. sett under eitt å fordele og overføre inntekt og frådrag slik at ingen av dei får ei lågare nettoinntekt enn personfrådraget for inntektsåret.

For dei som tek imot alderspensjon, AFP eller uførepensjon og ein av ektefellane m.m. har låg pensjon/inntekt, kan fordelinga av inntekter, frådrag og formue mellom dei verke inn på den samla skatten. Les meir om Skattereglar for pensjonistar.

Ektefellar m.m. som ønskjer å fordele bankinnskot, renteinntekter, gjeld og gjeldsrenter, må hugse å korrigere i begge skattemeldingane.

Døme på fordeling av gjeldsrente

Kari og Per er gifte og har kjøpt ein bustad saman. Kari er hovudlåntakar på bustadlånet i banken, og gjeldsrentene på kr 80 000 er førte opp i skattemeldinga hennar. Ektefellane ønskjer at frådraget for rentene blir fordelt med 70 prosent på Per og 30 prosent på Kari. 

For å fordele gjeldsrenta på begge, må Kari gå inn på post 3.3.1/ post 4.8.1(Renter og gjeld) i skattemeldinga, og stryke over gjeldsrentebeløpet som er førehandsutfylt, og rette til kr 24 000. Per må føre opp gjeldsrentebeløpet på kr 56 000 som skal fordelast på han, i skattemeldinga under «Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du her» og referere til rett post.

Inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast

Inntekter og kostnader knytte til arbeid, pensjon og næringsverksemd kan ikkje fordelast fritt, men skal førast i skattemeldinga til den ektefellen / meldepliktige sambuaren som har utført arbeidet, har rett til pensjonen eller har utøvd næringsverksemda.

Oversikta under viser kva for inntekter og utgifter i skattemeldinga som kan vere aktuelle for fordeling med referanse til postnummeret i skattemeldinga. Denne viser òg kva for inntekter og utgifter som ikkje kan fordelast.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.