Skattemelding til avdøde

  • Skriv ut

Når ein person døyr, blir adressa automatisk fjerna i folkeregisteret. Det blir derfor ikke sendt ut skattemelding. Ønskjer du å få tilsendt skattemeldinga til avdøde, må du melde postadresse til attlevande ektefelle eller arvingar til folkeregisteret.

Utlevering til attlevande ektefelle

Som attlevande ektefelle/partnar kan du få tilsendt skattemeldinga til den avdøde ved å ringje oss eller sende oss ein e­post. Du kan få skattemeldinga utlevert direkte dersom du møter opp på skattekontoret, men då må du vise fram legitimasjon. Ved oppmøte på skattekontoret kan du også bli spurt om skifteattest, uskifteattest eller annen dokumentasjon.

Dersom du ikkje har overteke buet i uskifte, må du dokumentere at du har eit sakleg behov for å få innsyn i opplysningane.

Utlevering til andre arvingar

Andre arvingar kan òg få innsyn i skattemeldinga til avdøde, men berre dersom dei har saklege behov for opplysningane. Du må då dokumentere overfor skattekontoret at du er arving. Dette kan du gjere ved å leggje fram skifteattest, annan attestasjon frå tingretten eller ein kopi av testamentet. I tillegg må du vise fram legitimasjon.

Dersom du ikkje kan møte opp personleg på skattekontoret, må du leggje ved denne dokumentasjonen i eit brev som du sender til skattekontoret.

Opptrer du på vegner av ein eller fleire av arvingane, må du i tillegg leggje fram fullmakt frå arvingane dersom du ikkje sjølv er arving.

Etter at det er valt skifteform, er det berre personane og organa som representerer buet, som får innsyn i skattemeldinga til avdøde og andre fastsettinsopplysningar.

Utlevering til begravelsesbyrå

Begravelsesbyrå kan be om innsyn i avdødes skattemelding/skatteoppgjer i forbindelse med søknad om gravferdstøtte.

Utlevering til bustyrar

Bustyrar som har fullmakt til å forvalte buet etter den avdøde, kan òg få tilsendt eller utlevert skattemeldinga til avdøde.

Fullmektig

Alle som etter skatteforvaltningsloven har rett til å la seg bistå av fullmektig. Fullmektig kan vere privatpersonar, begravelsesbyråer, advokater etc. Alle unntatt advokat, revisor el. må fremleggje ein fullmakt. Fullmaktens omfang og varighet må vurderas i det enkelte tilfellet.

Levering av skattemeldinga 

Skattemeldinga for personen som er død, må sendast på papir til denne adressa:

Skatteetaten

Postboks 4305

8608 Mo i Rana.

Dersom du ikkje skal gjere endringar i skattemeldinga, kan du ta i bruk leveringsfritak.

Merk!

Dersom det er registrert en c/o adresse på den avdøde, blir skattemeldinga sendt dit. For å endre eller slette c/o-adressen, kan du fylle ut og sende inn følgende skjema:

Melding om ny eller endret postadresse

Merk!

Dersom det er registrert en c/o adresse på den avdøde, blir skattemeldingen sendt dit. For å endre eller slette c/o-adressen, kan du fylle ut og sende inn følgende skjema:

Hugs å sjekke skattekortet

Har du blitt enkje/enkjemann må du sjekke skattekortet ditt.

Er du usikker på kva du skal trekkje i skatt, kan du rekne ut skatten din her.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.