Særfrådrag for einslege forsørgjarar

  • Skriv ut

Einslege forsørgjarar gis eit særfrådrag i alminneleg inntekt når dei bur åleine og har omsorg for barn under 18 år.

Særfrådrag for einslege forsørgjarar blei innført frå og med inntektsåret 2013. Einslege forsørgjarar fekk tidlegare skatteklasse 2 på skattekortet og i fastsettinga. No skattleggast einslege forsørgjarar i skatteklasse 1.

Kven har krav på særfrådrag?

Særfrådrag gjeld deg som forsørgjer eitt eller fleire barn under 18 år, og som er ugift, skilt, separert, enke/enkemann eller ikkje lever fast med sambuar. Du har rett til særfrådrag dersom NAV reknar deg for å vere ein reell einsleg forsørgjar, og dersom du har teke imot utvida barnetrygd frå NAV etter barnetrygdlova § 9 i løpet av inntektsåret. Barnetrygd blir gitt for barn under 18 år. Du får altså ikkje særfrådrag om du berre forsørgjer ungdom som har fylt 18 år. 

Utvida barnetrygd blir gitt til einslege forsørgjarar og er barnetrygd for eitt barn meir enn du som forsørgjar faktisk bur saman med.Dersom du har vore sambuar i over 12 månader, får barn med sambuar eller giftar deg, tek retten din til utvida barnetrygd slutt.

Du finn meir informasjon om kven som har krav på utvida barnetrygd, på nav.no.

Kor mykje frådrag har du krav på?

For 2016 er særfrådraget 4 317 kroner per månad. Fullt frådrag utgjer 51 804 kroner per år. Du får frådrag for like mange månader som du har vore einsleg forsørgjar i og teke imot utvida barnetrygd for, i inntektsåret.

Dersom du har avtalt delt bustad for barnet/barna med den andre forelderen og derfor får delt utvida barnetrygd frå NAV, får du særfrådrag med halv månadssats.

Ein intern avtale mellom foreldre om å dele særfrådraget i tilfelle der utvida barnetrygd blir utbetalt berre til den eine, fører ikkje til at vi deler særfrådraget når vi reknar ut skatten. Ein føresetnad for å få særfrådrag med halv sats er at utvida barnetrygd er delt ved utbetalinga frå NAV.

For 2017 er særfrådraget 4 317 kroner per månad.

Skattekort for 2017

Dersom du har/får utvida barnetrygd etter 1. januar 2017, kan retten din til særfrådrag verke inn på opplysningane i skattekortet for 2017. Du bør endre skattekortet dersom opplysningane om deg som einsleg forsørgjar er feil eller mangelfulle.Dersom du ikkje lenger er einsleg forsørgjar, bør du endre skattekortet for å unngå å få restskatt.

Skattemeldinga for inntektsåret 2016

Skatteetaten reknar ut eit samla særfrådrag på bakgrunn av opplysningar frå NAV om utbetalt utvida barnetrygd. Frådraget blir gitt automatisk når skattemeldinga di blir handsama. Beløpet blir førehandsutfylt, og du finn det i post 3.5.5 i skattemeldinga. Du skal ikkje endre forhandsutfylt beløp sjølv.

Viss du meiner det utregna særfradråget ikkje er riktig fordi opplysningane om antall månader med hel/delt utvida barnetrygd er feil/for lågt, må du kontakte NAV for at korrigerte opplysningar om di barnetrygd snarest mulig kan sendes til Skatteetaten. Viss NAV vedtar endring i utvida barnetrygd for 2016, innrapporterer NAV dei nye opplysningane til Skatteetaten og vi fastsettar særfrådraget på nytt. Du kan også dokumentere kravet om høgere særfrådrag ved å leggje fram barnetrygdvedtaket fra NAV for Skatteetaten.

Skattekontoret kan ikkje fastsette særfrådraget på nytt uten at NAV har gitt deg eller Skatteetaten nye opplysningar om antall månader med hel/delt utvidet barnetrygd.

Når du har fått dokumentasjonen frå NAV, kan du skanne og leggje denne ved skattemeldinga når du leverer sjølvmeldinga elektronisk. Har du andre opplysningar, kan du føre desse opp i post 5.0.

Viss du etter 1. januar 2017 har fått vedtak om utvida barnetrygd som også omfattar etterbetaling av utvida barnetrygd for ein periode i 2016, behøver du likevel ikkje kontakte NAV. I desse saka etterrapporterar NAV opplysningar om antall månader med hel/delt utvida barnetrygd i 2016 til Skatteetaten og fastsetting av særfrådraget rettes automatisk ved skatteberekninga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.